Om ikkje stiftinga Norsk Villakssenter får midlar frå Direktoratet for Naturforvaltning slik dei har søkt om, kan dei i det verste fall måtte ta vekk fisken i anlegget, seier ordførar i Lærdal, Knut O. Aarethun.
Norsk villakssenter i Lærdal. Arkivfoto NRK
Problema har hopa seg opp
For etter at Villakssenteret vart opna i 1996 med stor festivitas og med Kong Harald som snorklippar, har det hopa seg opp med problem for senteret.
Kommunen må drive senteret
I 2001 vart senteret delt i ein del som heiter Norsk Villakssenter AS, medan den gamle stiftinga bak senteret skulle drive den såkalla våte delen med laksen. Men det har synt seg vanskeleg å drive denne våte delen, og no er det Lærdal kommune som syter for at det i det heile er laks på senteret. - Men det er langt frå ein haldbar situasjon, seier ordførar Aarethun.
Gyro eitt av problema
Eitt av problema som stiftinga har slite med er lakseparasitten Gyrodactylus salaris, men no er det på ny optimisme etter aluminiumsbehandling av elva.
Viktig del av attraksjonen
Men den faglege biten ser ut til å ha problem med nokon gong å kome seg opp, skal vi tru Torbjørn Forseth, som er styreleiar i stiftinga. For den faglege delen av senteret er ei stifting som har som hovudoppgåva å formidle kunnskap om villaksen i naturen og korleis vi har utnytta laksen. Senteret har også ein eigen utstillingsdel, men ein viktig del av attraksjonen er den såkalla våte delen som er ein del av den faglege delen, og utan den vert det vanskeleg for villakssenteret. Forseth seier at det kan bli aktuelt å ta bort laksen fordi dei manglar pengar.
Ordførar Knut O. Aarethun. Arkivfoto NRK
Dårleg løysing
Og det er ei dårleg løysing for den meir suksessfulle delen av villakssenteret, som heiter Norsk villakssenter reiseliv, og dagleg leiar Helene Maristuen. For laksen utgjer den sentrale rolla for gjestene som besøker senteret.
- Heilt på stumpane
Men problemet ser ut til å vere for vanskeleg å rydde opp i, seier styreleiar i stiftinga, Torbjørn Forset. Og situasjonen er no heilt kritisk og det heile går på stumpane, seier ordførar Knut O. Aarethun.