Hopp til innhold

Krisa i Qatar: Hydro sitt største aluminiumsverk får ikkje levert varene sine

Aluminiumsverket til Hydro i Qatar har fått problem med å levere produkta sine etter at hamna i nabolandet Dubai er stengt på grunn av diplomatkrisa i regionen.

Qatalum-fabrikken, Norsk Hydro

STOR: Qatalum er Hydro sin største aluminiumsfabrikk. Den vart opna av kronprins Haakon i 2010.

Foto: Halvor Molland/Norsk Hydro

Det skriv næringslivsavisa E24.

Qatalum er eit av verdas største aluminiumsverk og opna i 2010. Hydro eig halvparten av verket.

No har verket fått problem etter at hittil seks land har brote den diplomatiske kontakten med Qatar. Landa skuldar Qatar blant anna for å stå bak hackarangrep og huse terroristar. Fleire flyselskap har innstilt all trafikk til og frå landet, og Saudi-Arabia har sagt at dei vil stengje grensa til landet.

Fryktar forseinkingar

Mykje av transporten til og frå aluminiumsverket går via hamna Jebel Ali i nabolandet Dubai, som har stengt hamna for all transport av varer til og frå Qatar. I første omgang råkar dette transporten av ferdige produkt frå Qatalum.

– No må vi finne alternativ til denne hamna. Det viktigaste er å unngå forseinkingar, eller i alle fall syte for at forseinkingane ikkje blir større enn nødvendig, seier visepresident for kommunikasjon Erik Brynhildsbakken i Norsk Hydro til E24.

Hamstrar matvarer

Fleire medium melder i dag at innbyggjarane i landet har byrja å hamstre matvarer av frykt for langvarig stenging av grensene.

Det er berre ein liten handfull nordmenn som jobbar ved Qatalum, der produksjonen går som normalt.

– Vi har ikkkje informasjon som tilseier at det er behov for ekstra tryggleikstiltak overfor dei norske ved Qatalum, men vi er i tett dialog med norske styresmakter og følgjer deira tilrådingar dersom situasjonen skulle endre seg, seier Brynhildsbakken til NRK.