Arve Uglum
Eg er oppriktig lei for å måtte seia det, men dette her går ikkje lenger. I det manuset til denne kommentaren blir påbegynt er vi 25 minutt ute i kampen mot Stabæk, og Sogndal ligg under 3-0. Akkurat no er andredivisjon meir sannsynleg neste år enn eliteserien. Og kvifor er det slik? Jo, fordi Sogndal pr. 22. mai - klokka 18.25 2005 er eit lag i sportsleg oppløysing - og fordi dei ansvarlege nektar for at det er tilfelle.
Fylling fnyste
På fredag sat eg og hovudtrenar Trond Fylling og prata. Eg antyda at det muligens kunne vera eit svakheitstrekk at 2. divisjonslaget Fyllingen berre var minutt og millimeter unna å senda Sogndal ut av cupen. Fylling fnyste. Alle negative tendensar hadde eg dikta opp sjølv, fekk eg høyra. Vi er på veg, sa han. Dei var på veg. Til Bærum. Til Stabæk. Til eit nytt tap.
Fullskala krise
Isolert sett er ikkje eit tap mot Stabæk i 1. divisjon noka krise. Noko eg er villig til å vedda mykje på at me vil få høyra til når kampen er ferdig. Isolert sett er ikkje eit tap mot Sandefjord eller Bryne ei krise heller. Men desse tre tapa stabla oppå kvarandre er ei fullskala krise. Tapet mot Løv-Ham tek eg ikkje med. Det er nemleg ei heil krise i kraft av seg sjølv.
Ekko av tompreik
Men kva gjer Sogndal? Kvar gjer Trond Fylling? Fint lite, om vi skal høyra på Fylling sjølv - noko som forresten blir mindre og mindre fristande. Ekkoet av tompreiket til Jan Halvor Halvorsen er nemleg i ferd med å overdøva alt han seier. Det har vorte vanskelegare og vanskelegare å få eit fornuftig svar frå den kanten.
Sjefane må ta tak
Men nok om Fylling. Han gjer nok alt han kan. Det er nemleg no Svein Bakke og Yngve Hallén - sjefane i Sogndal skal visa seg fram. Det er no dei skal gjera det dei ikkje gjorde då alt gjekk dit høna sparka i fjor. Det er no dei skal ta grep og snu skuta før ho blir styrt rett i avgrunnen.
Dei har makta
I ein noko parodisk evaluering av fjorårssesongen konkluderte Yngve Hallén med at alt det galne som skjedde i 2004 var hans feil - fordi han var øvste sjef. Alle lo av den forklaringa den gongen - men no veit eg kva han meinte. For det er Hallén og Bakke som har makta - og det er dei som bør ha kunnskapen til å vita kva som må gjerast no.
Må gjera noko anna
Eg innrømmer det - eg veit ikkje kva som skal til - men det er heller ikkje eg som får betalt for å vita slike ting. Det er det Bakke og Hallén som får. Det einaste eg kan seia sikkert er at det som blir gjort i dag ikkje er godt nok - og løysinga ligg i å gjera noko anna.
Utfordringa er gitt, karar - lykke til.