NRK Meny
Normal

Etterforskarar frå Kripos på veg til Årdal

Kriminalteknikarar frå Kripos er på veg til Årdal for å bistå lokalt politi med etterforskinga etter trippeldrapet på Valdresekspressen.

Bussdrap siktet til Haukeland

PÅ HAUKELAND: Den antatte gjerningsmannen er no frakta med politieskorte til Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Rune Eriksen

Alt tilgjengeleg mannskap frå politiet i Sogn og Fjordane er no på plass i Årdal. Men no får dei også bistand frå frå Kripos. Dei vil delta i etterforskinga etter det fryktelege trippeldrapet som skjedde ombord i Valdresekspressen.

– Kriminalteknikarar frå Kripos er på veg til Årdal for å bistå i etterforskinga, opplyser politiet til NRK.no.

Den antatte gjerningsmannen er ein mann i 30-åra. Han blei sjølv skada, og er frakta til Haukeland med politieskorte.

– Vi kan stadfeste at den påståtte gjerningsmannen er frakta til Haukeland universitetssjukehus. Vi er no nede på vanleg beredskapsnivå, opplyser informasjonssjef Terje Ulvedal i Helse Førde til NRK.no.

I følgje ei pressemelding frå Haukeland universitetssjukehus er den antatte gjerningsmannen lettare skadd.

Politiet har tidlegare i kveld meldt at mannen er i 30-åra og ikkje etnisk norsk.

– Eg har ingen opplysningar rundt det som har med ham å gjøre, anna enn at han er frå Sør-Sudan og busett i Øvre Årdal, seier politiadvokat Ragnhild Gram Skår ved Sogn og Fjordane politidistrikt til BA.

Saka vert oppdatert!

Har du tips eller bilete? Kontakt oss på 03030 eller 03030@nrk.no

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.