Hopp til innhold

Kripos på plass for å hjelpe til med etterforsking av hotellbrann

Etter brannen i Selje Hotel på fredag er Kripos no på plass i Selje, og skal byrje arbeidet søndag.

Regionlensmann Tormod Hvattum

FÅR HJELP FRÅ KRIPOS: Regionlensmann Tormod Hvattum og politiet får bistand frå Kripos for å finne ut av brannårsaka til brannen i Selje Hotel. Her står Hvattum ved romfløya der brannen truleg starta.

Foto: HARALD KOLSETH / NRK

– Ein etterforskingsleiar frå Kripos er på plass. Saman med vår etterforskingsleiar skal dei byrje arbeidet i morgon, med avhøyr av personar som kan vite noko om kva som har skjedd, seier Tormod Hvattum som er regionlensmann i Nordfjord.

Etterforskaren var i Molde, og kjem difor tidlegare til Selje enn først sagt. Korleis Kripos skal hjelpe til med etterforskinga vil det bli lagt ein plan for i dag.

– Vi får bistand frå Kripos til taktisk etterforsking ved gjennomføring av avhøyr, og til den tekniske etterforskinga. Det blir lagt ein plan i dag om vidare arbeid, seier Hvattum.

Det var tidleg på morgonen på fredag det tok til å brenne i Selje Hotel. Store delar av hotellet gjekk tapt i brannen, og det var ikkje folk i bygningen då det tok til å brenne.

Det er gjennomført kring ti avhøyr av naboar og andre personar i samband med brannen.

Selje hotell

ETTERFORSKING: Politiet skal no prøve å finne ut av kva som førte til brannen i hotellet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Hotelleigar på plass i Selje

Aydin Ackay er eigaren av Selje hotell og kom til Selje i dag. Han hadde stengd hotellet for vinteren, og var i Stockholm då det brann.

– Det er interessant å snakke med eigar, seier Hvattum.

Politiet meiner brannen kan ha starta i eit hotellrom i underetasjen, men dei står framleis utan eit klart bilete av brannårsak.

– Per no har vi ikkje noko konkret, seier Hvattum.

Det er framleis varmt på branntomta og vakthald på staden.

Selje hotell brann ned til grunnen
Foto: Asgeir Reksnes / NRK