Folk frå Kriminalpolitisentralen kjem i dag til Førde, for å hjelpe det lokale politiet med etterforskinga. Det stadfestar Jan Egil Tvinde ved Førde lensmannskontor.
Politiet har avhøyrt dei som var på jobb i bygget, og vil no starte åstadsgransking og avhøyr av vitne. Tvinde seier dei jobbar ut frå eit breitt spekter av teoriar, og at mistanke om noko kriminelt ikkje er hovudgrunnen til at Kripos skal hjelpe til.