Hopp til innhold

Kripos kom til staden klokka 02 i natt - jobbar på åstaden for å sikre spor ved bussen

Kriminalteknikarar frå Kripos har i natt gjort undersøkingar i og rundt bussen som måndag kveld vart kapra mellom Årdal og Tyin.

Bårebil kjem til åstaden på Årdal-Tyin der tre vart drepne i ei busskapring

BÅREBIL: Ein bårebil kom like før klokka 08 tysdag morgon til åstaden der tre personar vart drepne i ei busskapring måndag.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Kripos kom til åstaden rundt klokka 02 natt til tysdag, og har sidan jobba på staden. Seks kriminalteknikarar skal vere i arbeid.

– Dei har halde på med undersøkingar i natt. Eg har ikkje detaljar om arbeidet, men det er vanlege åstadsundersøkingar, seier operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Rundt klokka 08.30 vart dei drepne frakta ut av området.

VG: Skulle ut av landet

Ei 19 år gamal kvinne, ein bussjåfør frå Valdres i 50-åra og ein svensk statsborgar i 50-åra vart drepne i busskapringa i Årdal måndag kveld. Ein mannleg asylsøkjar fødd i 1982 frå Sør-Sudan er på arrestert for trippeldrapet.

Etter det VG.no får opplyst sulle den sikta sendast ut av landet i dag. Han skulle fly åleine utan vakthald til Oslo før vidare transport ut av landet, skriv nettstaden.

Brannmannskap overmanna gjerningsmannen

Politiet fekk melding om busskapringa av Valdresekspressen klokka 17.35 måndag ettermiddag. Bussen var på veg frå Årdal til Oslo, men like ved Holsbruvatnet fekk turen ein brå ende.

Gjerningsmannen skal ha drepe alle dei tre på bussen med kniv.

Brannmannskap som kom først til åstaden skal ha væpna seg med hemmarar og pulverapparat, og fekk overmanna mannen i 30-åra.

(Artikkelen held fram under)

Brannvesenet jobbar i natt med å dekke til åstaden for trippeldrapa med presenningar.

DEKKA TIL: Bussen vart natt til tysdag dekka til med presenningar. FOTO: Ole André Rekkedal.

Jobbar for å sikre spor

NRK-reporter Øyvind Bye Skille er på fjellet, og seier kriminalteknikarane har jobba sidan dei kom til staden i 02-tida i natt.

– Kripos sine folk kom til staden rundt klokka 02. Før det hadde lokalt politi pakka inn heile bussen i presenning for å sikre at ikkje spor skulle øydeleggast., seier han til NRK.no tidleg tysdag morgon.

Politiet har framleis sperra av eit stort område rundt bussen.

– Men vi ser tydeleg at politiet sine kriminalteknikarar jobbar i og rundt bussen. Dei tek også bilete av bussen og området rundt, seier Skille vidare.

Olaug Holme ved operasjonssentralen i Sogn og Fjordane seier etterforskinga held fram utover dagen.

– Det er ei alvorleg hending, seier ho til NRK.no.

Det er framleis uvisst når åstaden vil bli frigitt og når bussen eventuelt kan flyttast frå staden. Vegstrekninga forbi åstaden er enn så lenge stengd for all trafikk.

Dei drepne blir frakta vekk etter busskapringa i Årdal

FARKAT VEKK: Dei drepne vart i 08.30-tida tysdag morgon frakta vekk frå åstaden.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK