Hopp til innhold

Kripos har fått over 900 tips hittil i år

Kripos har så langt i år fått inn nærare 1000 tips om «ulovleg oppførsel» og seksuell utnytting av barn på internett.

Montasje.

LURER FOLK INN: Mange nettstad med pornografisk innhald har adresser som med vilje liknar meir populære nettstader, slik at det er lett å hamne inn om du tastar feil. Illustrasjonsfoto.

Dei ser ein nedgang i talet på tips dei får inn, og Lena Reif i Kripos seier at dei får inn langt færre tips om sider med pornografisk materiale enn tidlegare.

– I hovudsak ser vi at det er to måtar dei kjem inn på pornografiske sider. Dei klikkar på lenker på ei webside, eit spel eller ei teneste dei bruker, eller så kan dei få lenker få tilsendt frå andre brukarar på det aktuelle spelet eller nett-tenesta, seier Reif som er leiar ved Seksjon for seksuallovbrot.

Mindre eigna i Norge

– Det er ikkje nødvendigvis slik at problemet med overgrepsmateriale på nett har blitt mindre. Men det kan nok vere slik at internett som arena for deling av ulovleg materiale har blitt mindre eigna i Norge, seier ho.

Lena Reif

SER EIN NEDGANG: Kripos har hittil i år mottatt rundt 900 tips om seksuell utnytting av barn på internett. Leiar for Seksjon for seksuallovbrudd i Kripos, Lena Reif, seier dei får inn langt færre tips om sider med pornografisk materiale enn tidlegare.

Foto: Svein Olsson / NRK

Kripos driv mellom anna tenesta "Rød knapp". Det er ein raud knapp med POLITI skrive i kvitt, som kan plasserast på ulike nettstad. Knappen er lenkja til Kripos si tipsteneste, og gjer det mogleg for politiet å synleggjere seg spesielt på nettstad retta mot barn og unge.

Tala går ned

Hittil i år har dei altså fått inn nærmare 1000 tips. I fjor var det totale talet på slike tips 1242. Det var ein nedgang på om lag 800 tips frå 2012.

Reif seier at nedgangen i hovudsak gjeld tips om nettsider med ulovleg pornografisk innhald.

– Det kan vere fleire årsaker til den nedgangen, men i Norge har vi ein samarbeidsavtale mellom internettleverandørane, så dei får oversendt ei liste frå Kripos over websider vi har kategorisert som ulovlege, og dei har da moglegheit til å implementere det i deira nett-teneste, og blokkere dei ulovlege sidene.

Omfanget overraskar

Som NRK nyleg skreiv, har Senter mot incest og seksuelle overgrep reist rundt på skular i heile Sogn og Fjordane.

Dagleg leiar Chatrine Elholm er sjokkert over kor mange barn som fortel at dei får opp pornografisk materiale medan dei surfar på spelesider som er retta mot barn.

– Vi hadde handsopprekking i klassen om kor mange det gjaldt for, kor mange det er som har kome inn på slike sider utan at dei ville det. I ein klasse med 20 elevar var det kanskje i snitt 17 som hadde opplevd dette, seier ho.

Utanlandske sider

Når Smiso har snakka med borna, har dei skrive ned dei nettstadene som går igjen. I all hovudsak dreier det seg om utanlandske nettstader kor barn kan spele populære spel, som til dømes MovieStarPlanet, GoSuperModel og Talking Angela. Andre spel som HayDay og JewelQuest går også igjen på lista til Smiso.

Seniorrådgjevar i Medietilsynet, Stian Lindbøl, understrekar at norske nettstad som rettar seg mot barn, skal vere fri for pornografisk innhald.

– Når vi snakkar om pornografi på nett, slik som sexbilete og sexvideoar, så ligg det aller meste av det langt utanfor Norge. Det er veldig lite av det i Norge, og skjer nok mest i land med eit litt anna lovgiving enn det vi har i Norge, seier Lindbøl.

– Lag «bokmerke»

Born no til dags har mange måtar å kople seg til internett på, og har gjerne både smarttelefonar, nettbrett og datamaskinar med internett-tilgang. Lindbøl meiner dette gjer det lettare for barn å hamne borti ubehageleg materiale på nett.

Stian Lindbøl, Medietilsynet

SKAL VERE TRYGGE: Norske nettstad retta mot barn skal blokke ut pornografisk materiale, seier seniorrådgjevar i Medietilsynet, Stian Lindbøl.

Foto: NRK

– Sannsynet for å dumpe over sånne sex-sider på nett er jo mykje større no enn kva den var før. Barna har så mange duppedingsar ein kan nå nettet ved, og da kjem ein over ubehageleg innhald. Men vi har ingenting som tyder på at barn tar skade av det, seier Lindbøl.

Mange nettstad med pornografisk innhald har adresser som med vilje liknar meir populære nettstad, slik at det er lett å hamne inn om du tastar feil.

Eit tips frå Medietilsynet til foreldra, er å lagre ei bokmerkeliste over dei nettstadar barna bruker ofte.

– Det lettaste ein kan gjere, er å lage ei bokmerkeliste, slik at du enkelt og greitt alltid kjem inn på riktig adresse, avsluttar Lindbøl.