Fire etterforskarar frå Kripos har i heile dag arbeidd på funnstaden og leita etter spor. Truleg leiter dei mellom anna etter DNA-spor frå gjerningsmannen.
Bustaden til Anne Slåtten har politiet enno ikkje gått gjennom – hybelhuset har vore sperra av sidan den unge kvinna vart meldt sakna søndag kveld.
Fleire tips
Ei rekkje personar har i dag teke kontakt med politiet - etter at dei bad alle som var i Førde sentrum mellom klokka 4 og 9 natt til søndag om å melde seg. Så mange har meldt seg at dei berre blir registrerte og kontakta seinare.
Politiet fekk i løpet av natta fått inn fem nye tips frå personar som har observasjonar som kan knytast til drapet på Anne Slåtten.
Fire etterlyst
Politiet etterlyser framleis fire personar som er sett ved eller på Angedalsvegen søndag morgon. Alle vart observerte ved sju-tida om morgonen.