Hopp til innhold

Førdianar får kringkastingsprisen

Morten Sandøy frå Førde får kringkastingsprisen for bruk av nynorsk i TV2.

Morten Sandøy får kringkastingsprisen 2011
Foto: TV2

Ankermannen frå Førde får kringkastingsprisen for å ha utmerka seg med godt språk i fjernsynet.

– Morten Sandøy er ein av berebjelkane for den språklege profilen TV 2-nyhenda har, seier Martin Toft, styreleiar i Kringkastingsringen.

NRK-konkurrent

Morten Sandøy får kringkastingsprisen 2011

Morten Sandøy får kringkastingsprisen for godt språk og nynorskbruk.

Foto: TV2

– Det er mykje takka vere Sandøy at TV 2 verkeleg har vore ein konkurrent til NRK, seier Toft om prisvinnaren som har bakgrunn i NRK.

Sandøy får ros for å utmerke seg med eit godt språk i media, og for å nytte nynorsk i det daglege arbeidet.

Prisvinnaren har vore i TV 2 sidan kanalen starta opp, etter å ha jobba ei periode i NRK.

Ifølge TV2.no undersøkte Kringkastingsringen i 1997 graden av nynorsk i mellom anna TV2-nyhendene. Sandøy stod for heile 96 av dei 109 nynorskinnslaga i TV 2 det året.

-Hyggeleg heider

– Det er hyggeleg å bli lagt merke til i den tydinga at det er ein fagleg pris, seier Sandøy til TV2.no.

– Eg tolkar det like mykje som ein heider for godt språk, som å bruke nynorsk eller bokmål, legg prisvinnaren til.

Kringkastingsringen delar ut prisen på Det Norske Teatret tysdag 22. november.

Kringkastingsprisen har blitt delt ut kvart år sidan 1978. Sjølve premien er eit grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva.