Hopp til innhold

Politiet «får på pukkelen» etter DNA-sommel

Kriminelle kan gå fri etter at Sogn og Fjordane politidistrikt ikkje tok DNA-prøve av fleire domfelte utlendingar. Politimeisteren tek sjølvkritikk.

Politimeister Ronny Iden og politiinspektør Bjørn Larsen

HAR RETTA: Politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden (t.h.), tek sjølvkritikk, men seier at DNA-registreringa no går føre seg på rette måten. – Når det ikkje blir gjort, så må vi skjerpe oss, seier han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det var under Statsadvokaten sin inspeksjon av politidistriktet i november i fjor at svikten vart oppdaga.

Ved hjelp av opplysningar frå Kripos viste det seg at distriktet har slurva med å ta DNA-prøvar av fleire domfelte som det skulle vore teke prøvar frå.

Magne Nyborg

NØGD: Statsadvokat Magne Nyborg finn i det store og heile ikkje mykje å setje fingeren på hos Sogn og Fjordane politidistrikt.

Foto: Arild Pettersen / NRK

– Dette er utlendingar som har fått straff, men som har reist frå landet før ein klarte å registrere DNA, seier statsadvokat Magne Nyborg.

Har gjort endringar

Svikten med DNA-prøvar betyr at ein kanskje kan ha gått glipp av å ta desse også for andre brotsverk.

– Det er fullt mogleg all den tid ein ikkje har fått DNA og kan kontrollere desse opp mot andre DNA-funn i registeret, seier Nyborg.

Restanselister er innhentet fra Kripos og statsadvokatene vil påpeke at antall personer som ikke er sendt til Kripos for registrering fremstår som bekymringsfullt.

Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane Statsadvokatembeter / Rapport etter inspeksjon

Politimeister Ronny Iden tek sjølvkritikk og seier at registreringa no blir gjort som den skal.

– Det er ein føresetnad at DNA-registeret skal vere så godt som mogleg. Dette er ein kvalitetssikringselement, så det skal vi gjere, seier Iden.

– Leverer høg kvalitet

Om ein ser vekk frå svikten med DNA-registreringane, er Nyborg godt nøgd med politiarbeidet som blir gjort i Sogn og Fjordane.

Distriktet meiner sjølv dei har for lang sakshandsamingstid, men er heilt i landstoppen når det gjeld å oppklare saker. Brukarundersøkingar viser også stor tillit til politiet.

– Dei leverer høg kvalitet på straffesaksarbeidet som blir gjort i distriktet, seier Nyborg.