NRK Meny

Vil løfte minstemann inn på Tinget

SKEI (NRK): Tore Storehaug (25) frå KrF er den yngste førstekandidaten i Sogn og Fjordane og kan bli den yngste på Stortinget etter valet til hausten, dersom han får nok stemmer.

Tore Storehaug er førstekandidat i Sogn og Fjordane KrF, her på fylkesårsmøte til partiet

MED PARTIET I RYGGEN: Tore Storehaug frå KrF er den yngste førstekandidaten i Sogn og Fjordane ved komande stortingsval. Med god støtte frå fylkespartiet ynskjer KrF å sanke nok stemmer i fylket til å gi 25-åringen eit sete i Stortinget.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Det er litt som å ha konfirmasjon. Det er mange som seier fine ting om deg, samtidig er det utfordrande, fordi ein skal leie ein valkamp og stå for det ein ynskjer å oppnå dei åra.

Det seier KrF i Sogn og Fjordane sin førstekandidat Tore Storehaug (25), som kan bli ein av dei yngste stortingsrepresentantane på Stortinget til hausten. Då må partiet få nok stemmer til å sikre seg ein av dei få plassane fylket har i Stortinget.

– Viktig med fornying

– Ein ung førstekandidat, er det ein måte å fri til dei unge veljarane på?

– Det er i alle fall ein måte å vise at ein vil ha inn nye og unge profilar, sjølv om eg ikkje har vore 25 år i politikken.

– Men vil dei godt vaksne veljarane stemme på deg da?

– Det er jo ei utfordring at veljarane ofte stemmer på dei ein har eit forhold til frå før. Samtidig er det ikkje bra med eit system der dei same folka sit over lengre tid. Vi må ha eit demokrati som fornyar seg.

Tore Storehaug i Sogn og Fjordane KrF

DYKTIG: Tore Storehaug vert av KrF-medlemmane omtalt som ein dyktig talar og med ei god evne til å kommunisere med både ungdom og eldre.

Foto: Espen Breivik / NRK

Bakgrunn frå ungdomspartiet

Den unge førstekandidaten er født i Førde, men har vakse opp i Askvoll. Storehaug har ein bachelorgrad i historie og går på lektorprogrammet på Universitetet i Oslo.

– Høyrer du til du ein liberal eller meir konservativ del av partiet?

– Eg vil seie at eg står godt samla midt i partiet.

Han har vore aktiv i Kristeleg Folkeparti Ungdom, både på fylkesnivå, i sentralstyret og internasjonalt. No er han førstekandidat for «vaksenpartiet».

– Eg kjenner meg godt heime her. I eit kristendemokratisk sentrumsparti. Med kristne, allmenne verdiar som respekt for medmenneske, livet sin ukrenkelege verdi og ansvaret vi har for kloden og kvarandre.

Vart vraka frå fylkespolitikken

John Olav Kvamme og Gunn Randi Bjørnevoll i KRF

STØTTANDE: John Olav Kvamme frå Stryn og Gunn Randi Bjørnevoll vil jobbe for å få Storehaug inn på Stortinget

Foto: Espen Breivik / NRK

Storehaug var også nominert på andreplass til fylkestinget for to år sidan, men vart forbigått av John Olav Kvamme frå Stryn. No arbeider Kvamme for å løfte Storehaug opp og fram.

– Tore har vist at han er ein sterk kandidat som verkeleg bryr seg om fylket vårt og utviklinga her, seier han.

Lokallagsleiar i KrF i Vik meiner 25-åringen har ei evne til å få folk med.

– Han har nasjonal og internasjonal erfaring, samt at han er lyttande og villig til å lære. Han skapar eit sterkt engasjement og får med seg folk, seier Gunn Randi Bjørnevoll.

Tore Storehaug får klem av Trude Brosvik

STOLT: Tore Storehaug får klem av tidlegare førstekandidat og noverande andrekandidat i KrF, Trude Brosvik, medan fylkesårsmøtet gir han ståande applaus etter opningstalen.

Foto: Espen Breivik / NRK

Også førstekandidaten ved førre stortingsval, Trude Brosvik, har trua.

– Eg er så nøgd med å vere i heiagjengen og på andreplass bak Tore. Han vil gjere ein kjempejobb for fylket, men også heile landet.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar