Hopp til innhold

KrF vil stogge Avinor-rapport

Sogn og Fjordane KrF ynskjer å stogge Avinor-rapporten om den framtidige flyplasstrukturen i Noreg som etter planen blir sendt ut på høyring 1. mai.

Førde lufthamn Bringeland

Førde lufthamn Bringeland er ein av flyplassane i Sogn og Fjordane som Avinor vurderar i rapporten som KrF vil stogge.

Foto: Jan Benkholt / NRK

Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane KrF ber KrF si stortingsgruppe om å få stansa rapporten til Avinor som ser på flyplasstrukturen på vestlandet. Dette gjer dei under to månadar før rapporten skal ut på høyring 1. mai.

Trude Brosvik

Trude Brosvik og KrF Sogn og Fjordane er kritiske til Avinor sin komande rapport

Foto: Steinar Lote / NRK

– Vi meiner at det er viktig for fylket at ingen av dei fire flyplassane blir nedlagde, og ser difor ikkje behovet for rapporten, seier fylkesleiar Trude Brosvik.

Oppsiktsvekkande av KrF

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre, Arve Mjømen, meiner det er underleg at KrF ikkje ynskjer at rapporten skal leggast fram.

– Føremålet med slike rapportar er å opplyse, det er difor mildt sagt oppsiktsvekkande dersom KrF ynskjer å stogge denne rapporten.

Mjømen understrekar at Sogn og Fjordane Høgre også har vedteke at dei ynskjer at alle dei fire flyplassane i Sogn og Fjordane skal bestå, men at dei som politikarar og avgjerdstakarar burde ynskje all vesentleg informasjon velkommen.

Meiningslaust og populistisk

Djuvik og Mjømen

Frank Willy Djuvik (Frp) og Arve Mjømen (H) tykkjer utspelet til KrF er oppsiktsvekkande

Foto: Montasje: NRK

Frank Willy Djuvik (Frp) stiller seg uforståande til KrF si avgjerd om å forsøke å stogge rapporten.

– Dette er noko av dei mest meiningslause utspela eg har høyrd. Rapportar som dette gir oss politikarar eit fagleg grunnlag for våre avgjerder. Dette er heilt naudsynt når vi skal utvikle landet og fylket vårt vidare.

Djuvik karakteriserar dette som eit reint populistisk utsegn frå KrF. Han er ikkje imponert over måten KrF og Trude Brosvik opptrer i denne saka.

– Når det kjem til seriøse politikarar, so ynskjer vi å fatte avgjerder på best mogleg grunnlag. Då er slike rapportar naudsynte.

Trude Brosvik er ikkje samd i kritikken frå Høgre og Frp.

– For oss i Sogn og Fjordane KrF ligg flyplasstrukturen fast. Vi oppfattar det slik at Avinor arbeidar for å legge ned flyplassar i fylket basert på det som kom fram under møtet i Florø før jul. Difor meinar vi rapporten til Avinor berre vil skape støy, noko som fylket ikkje er tent med.