Hopp til innhold

KrF vil sponse førarkort

Gulen KrF vil gje førarkort-stønad til ungdom som tek haldningskurs.

Trude Brosvik
Foto: Randi Indrebø / NRK

Lokallaget viser til at nabokommunen Masfjorden alt har gode røynsler med slike tiltak.

- Vi ynskjer at ungdomen vår skal få ein god ballast med å få vere med på kurs og dermed få særleg fokus på trygg bilkøyring og dette med haldningar mot rus og bil, seier ordførar, og KrF-politikar, Trude Brosvik.

- Delta på kurs

Det er eit kurs i samarbeid med MOT, organisasjonen mot mobbing, vald og rusmisbruk, som Gulen KrF ynskjer å få ungdomen med på. Deltaking på dette kurset vil lokkallaget belønne ungdomen med opp mot 4.000 kroner til førarkort. Brosvik trur kurset vil gjere ungdomane til betre trafikkantar.

- først og fremst ynskjer vi å oppnå trygg og god bilkøyring for våre ungdomar. Alt haldningsskapande arbeid er positivt, seier Brosvik.