NRK Meny
Normal

KrF vil bruke NAV-pengar til å sikre helsefagutdanning for flyktningar

Utan vidare medfinansiering av NAV stoggar truleg dette tilbodet på Firda Vidaregåande Skule på Sandane, meiner Trude Brosvik (KrF).

Trude Brosvik avsluttande valdebatt 2015

VIL SJÅ PÅ REGELVERKET: Trude Brosvik (KrF) ønskjer å sjå på ei endring i regelverket, som vil gjere det lettare for NAV å vere med å finansiere helsefagutdanning for flyktningar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

NAV kallar det ei suksesshistorie, men regelverket gjer det vanskeleg å finne ordningar som tillèt dei å vere med på spleiselaget. Difor ønskjer Trude Brosvik, KrF sin fyrstekandidat til fylkestingsvalet, å sjå på moglege endringar.

– Dei er ein ganske rigid statsstyrt organisasjon og dette passar ikkje heilt i det regelverket dei har, seier Brosvik.

Utdanninga av flyktningar til helsefagarbeidarar ved Firda Vidaregåande Skule på Sandane er eit samarbeid mellom NAV, Gloppen kommune og Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

Viktig for integreringa

Eit skreddarsydd undervisningsopplegg med ekstra norskopplæring for kring 11 flyktningar kostar årleg kring 900.000 og kostnaden for kvart fagbrev er rekna til 280.000 kroner.

Øyvind Hervik

SUKSESS: Øyvind Hervik, leiar ved NAV Gloppen, kallar helsefagutdanninga for flyktningar for ein suksess, men seier det har vore ei utfordring å finne midlar.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Utdanningsløpet går over tre år og har vore viktig for integreringa i kommunen, seier leiar ved NAV Gloppen, Øyvind Hervik.

– Vi såg at stadig fleire av dei minoritetsspråklege sleit med å få ei fast tilknyting i arbeidslivet. Samstundes var det mange av dei som ønskte å bli helsefagarbeidarar. Vi hadde ein skule som hadde kompetanse på dette og vi hadde Gloppen kommune som såg moglegheita til å få utdanna fagarbeidarar i denne målgruppa, seier han.

Ønskjer å sjå på regelverket

No ønskjer fleire kommunar å få til ei slik utdanning i framtida. Men erfaringane frå Gloppen viser at det er mykje styr å få det til og det er vanskeleg økonomisk.

– Når vi starta opp igjen ei ny klasse i haust var det ei stor utfordring å finne midlar til det. Men Eid kommune var veldig positive, slik at Gloppen kommune, saman med Eid og NAV har starta opp ei ny klasse. Vi ønskjer at dette skal vere eit fast tilbod anten kvart år eller annakvart år og at fleire kommunar kan gå i lag og spleise på det, saman med NAV og fylkeskommunen, seier Hervik.

Det er her Trude Brosvik og Kristeleg Folkeparti grip hansken.

– Eg vil ta dette til stortingsgruppa til KrF og få dei som jobbar med økonomi, flyktningar og skule til å sjå på korleis vi kan få til eit betre regelverk, eller sørgje for at det finst litt lausare midlar som kan brukast. For dette er noko alle spør etter når vi ber om betre integrering, seier ho.

– Har vore ei suksesshistorie

– Men med fylkeskommunen sin økonomi, har ein råd til dette?

– Eg trur ein vil sjå på dette som eit veldig viktig tiltak. Spesielt for kommunane, for det er i kommunane folk blir integrerte og det er kommunane som sårt treng denne arbeidskrafta og kompetansen, seier Brosvik.

Øyvind Hervik i Nav har tru på satsinga.

– Det tilbodet vi har gitt, har for den første klassa vore ei suksesshistorie. Og når vi veit at behovet for helsefagarbeidarar er stort framover og vi får fleire flyktningar i alle kommunar i Sogn og Fjordane, så er dette ein fin måte å integrere dei på, seier han.