Hopp til innhold

KrF-veteran meiner venstresida i partiet må slutte å sabotere

Mangeåring KrF-ordførar og fylkespolitikar Erland Fagermoen meiner at venstrefløya i partiet no er nøydde til å innsjå at dei har tapt, og gå vidare.

Erland Fagerheim

BERRE Å MELDE SEG UT: Erland Fagermoen tykkjer det går heilt fint at nokre no melder seg ut av KrF.

Foto: privat

– No er det ein del folk som melder seg ut av partiet, og det er berre fint det. Då er vi kvitt dei, i staden for at dei blir verande i partiet og saboterer, seier Erland Fagermoen, og siktar til at fleire profilerte KrF-folk har meldt seg ut.

Han har vore ordførar i Balestrand i Sogn og sat i fylkestinget i Sogn og Fjordane i 16 år. No er han lei av den djupe splittinga i partiet.

– Det verkar som det framleis er skyttargraver i partiet. Folk grev seg ned, i staden for å tenkje strategisk på det partiarbeidet vi no skal gjere. Det blir ein kjempejobb å få samla partiet etter ein litt opprivande strid, seier Fagermoen.

KrF-veteranen meiner særleg at landsstyret i KrF no har bidrege til vidare splitting i partiet. Han er svært skuffa over at 17 av landsstyrerepresentantane stemte mot regjeringsplattforma, då eit fleirtal av 19 sikra eit knapt fleirtal.

– Hadde landsstyret gått inn for dette i lag, så hadde partiet no kunne ha stått samla i tida framover. No veit eg ikkje kor lenge dei på venstresida kjem til å stå på dette og sabotere prosessen vidare, men eg tykkjer det er veldig dårleg gjort, seier Fagermoen.

– Nokre er skuffa og demotiverte

At Kristeleg Folkeparti no er eit splitta parti, er det mange som kan stadfeste.

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane KrF Beate Bondevik Lie seier at motivasjonen for å drive valkamp inn mot kommune- og fylkestingsvalet til hausten er svekt hos ein del av medlemmane no.

– Det er nok veldig delt no. Nokre er skuffa og demotiverte, medan andre er oppglødde og motiverte. Det har å gjere med kva utgangspunkt dei hadde for retningsvalet i partiet, seier Lie.

Brosvik og Bondevik Lie

MERKAR SPLITTINGA: Beate Bondevik Lie (til venstre) merkar at det er delte meiningar om regjeringsdeltaking i partiet no. Til høgre i biletet er Trude Brosvik, fylkesordførarkandidat for Vestland KrF.

Foto: GUNHILD HJERMUNDRUD / NRK

Ein av dei som er svært skuffa over at KrF no sit i regjering med Framstegspartiet, er Norvald Sjøthun i Luster i Sogn. Han har vore medlem av partiet i 42 år, og har bidrege i ei rekkje valkampar.

– Eg er særleg skuffa over prosessen fram mot det som no skjer. I Rogaland var det ureint spel, og måten abortsaka vart brukt på var ikkje grei.

I motsetnad til Fagermoen er Sjøthun svært skuffa over at venstresida i landsstyret ikkje klarte å snu fleirtalet slik at regjeringsplattforma vart avvist.

– Trur ikkje partiet vil forsone seg med det første

Nyheitsredaktør i den kristne avisa Dagen Astrid Dalehaug Norheim trur ikkje at splittinga i KrF vil gje seg med det første.

– Det har lenge vore ulike fløyer i partiet, men no har dei fått merkelappane «raude» og «blå», og splittinga er veldig djup. Eg trur ikkje partiet vil forsone seg med det første, seier ho.

Og KrF-veteranen er godt fornøgd med gjennomslaget partiet har fått i regjeringsforhandlingane med dei andre borgarlege partia.

– No har vi mange gode saker vi kan profilere partiet vårt på, så eg er godt fornøgd.