NRK Meny
Normal

KrF toppen sitt abortsyn provoserer

Tore Storehaug i KrF seier han meiner at livet startar ved unnfangelsen og at det å ta abort er det same som å ta liv. AUF-ar blir kvalm og redd av utsegna.

Frå utspørjinga av partitoppen

ENGASJERT: I dagens partiutspørjing seier førstekandidat til Stortinget for Sogn og Fjordane KrF, Tore Storehaug, at han meiner abort er å ta liv. Dette utspelet har vakt reaksjonar hos fleire.

Val

Det var i dagens pariutspørjing hos NRK Sogn og Fjordane at førstekandidat til Stortinget for Sogn og Fjordane KrF, Tore Storehaug uttrykte kva han meiner om abort.

Og reaksjonane har ikkje latt vente på seg.

Nestleiar i AUF i Sogn og Fjordane, Sandra Tenud, meiner utsegna til Storehaug tar oss langt tilbake til ei tid då kvinner ikkje har lov til å bestemme over eigen kropp, mens stortingskandidat for SV, Vibeke Johnsen, meiner det å kome med ein slik utsegn er eit stort tilbakesteg for kvinner sine rettar.

Vibeke Johnsen

LEI SEG: Stortingskandidat for SV, Vibeke Johnsen synest utsegna til Storehaug er sterk og seier ho er glad for at stortingsfleirtalet ikkje deler hans syn på abort.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg er glad for at det er eit stort fleirtal som ikkje deler hans syn på abort. Eg meiner abortlova var eit viktig steg for kvinnefrigjeringa. Eg blir lei meg når eg høyrer slike utsegn, seier Johnsen.

Meiner livet startar ved unnfangelsen

Det er følgjande dialog frå utspørjinga som har vakt reaksjonar:

Tore Storehaug i Sogn og Fjordane KrF

VANSKELEG: Stortingskandidat Tore Storehaug synest det er vanskeleg å snakke om abortspørsmålet, men står ved at han meiner abort er å ta liv.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Det er frå unnfangelsen av at dei fleste eigenskapane til mennesket er bestemt. Om du vert høg eller lav, om du får blondt eller brunt hår og om du blir skral eller stor så er dette ting som er nedfelt i vårt DNA, seier Tore Storehaug i utspørjinga.

– Men vist livet byrjar ved unnfangelse. Er abort å ta liv?

– ... (lang pause) Eg vil ikkje svare veldig konsekv. Altså. Ja. Abort er å ta liv vist vi legg til grunn den definisjonen. Ja.

– Og det er definisjonen til KrF?

– Ja.

– Du nølte litt no?

– Ja. Eg synest det er litt vanskeleg. Fordi ein skal vekte orda sine i spørsmål som handlar om liv og død. Ee. Og her er det vanskeleg å definere grensene. Så når eg blei utfordra veldig direkte no så synest eg det var vrient. Men å ta liv? Ja det må det vel kunne definerast som, seier Tore Storehaug til programleiar Erlend Blaalid Oldeide.

Hadde forventa meir

Sandra Tenud, AUF

REDD: Nestleiar i AUF i Sogn og Fjordane, Sandra Tenud, seier ho vert uroa for jenter på eigen alder når ho høyrer kva slags innstilling stortingskandidat Tore Storehaug har til abort.

Foto: Privat

– Eg synest det er forunderleg at ein slik utsegn kjem frå ein KrFar som er så ung. Eg hadde forventa meir frå den kanten i 2017. Dette viser berre at KrF vil ta oss tilbake til fortida, seier Sandra Tenud som er nestleiar i AUF i Sogn og Fjordane.

Og ho er sterkt engasjert når ho fortsett resonnementet sitt.

– Eg blir rett og slett litt kvalm. Eg blir redd for jenter, slike som meg sjølv, når eg høyrer ein stortingskandidat seie slike ting. Då vert eg uroa for at jenter på min alder skal kjenne seg bekymra. Dette høyrer ikkje heime i 2017, torar Tenud.

Meiner kritikken er unyansert

Tore Storehaug

KARIKATUR: Tore Storehaug (KrF) seier han synest kritikken frå SV og AUF er karikert og synest dei går meir etter mannen enn etter saka når dei kritiserer utsegna hans.

Foto: Randi Indrebø / NRK

– Eg synest det er trist at vi skal ha ein debatt som handlar om å slenge karikaturar på kvarandre i staden for å finne gode løysingar, seier Tore Storehaug når han får høyre reaksjonane til dei to damene frå AUF og SV.

– Eg vil heller høyre kva SV og Arbeidarpartiet meiner om abortlova sin paragraf 2C, som opnar opp for at foster som har Downs syndrom og andre fysiske nedsettingar skal bli behandla annleis enn andre foster. Det meiner eg er ei større politisk utfordring. I alle fall for eit parti som seier at alle skal med, seier Storehaug.

  • SJÅ HEILE PARTIUTSPØRJINGA HER:
    Programleiar Erlend Blaalid Oldeide
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå