Hopp til innhold

KrF-toppar har besøkt 43 kommunar på 144 timar

Dei gav katten i det politiske sirkuset på Arendalsuka og drog i staden på lynvalkamp i det nye fylket sitt.

Tor Andre Ljosland og Trude Brosvik

VALTURNE: Tor Andre Ljosland og Trude Brosvik har besøkt alle kommunane i Vestland denne veka.

Foto: Bendik Reed Årvik / NRK

Turid Brosvik og Tor Andre Ljosland, høvesvis første- og andrekandidat til fylkestingsvalet i haust, har lagt bak seg ei veke i bil gjennom Sogn og Fjordane og Hordaland. Brosvik fortel at det ikkje er tilfeldig at valturneen vart lagt til same veke som Arendalsuka.

– Medan den politiske eliten reiser til Arendal tenkjer vi at dette er eit lokalval, og valde difor å besøke alle kommunane i Vestland, seier ho.

Ifølgje Brosvik har det vore ekstra viktig for dei å besøke dei kommunane der dei har lokale ordførarkandidatar og lister, for å verte betre kjende med lokalpolitikarane.

– Det er òg ei tilleggseffekt at vi blir godt kjende med kvarandre når vi sit i bil saman i ei veke. Det er viktig når vi skal samarbeide i ei fylkestingsgruppe frå hausten

Ikkje like god tid til alle

Når så mange kommunar skal besøkast på så kort tid har det ikkje vorte så mykje tid til å stoppe i kvar kommune.

– Nokre kommunar er vi eigentleg berre innom for å seie at vi har kryssa kommunegrensa, i andre har vi kveldsmøte og overnattar, seier Brosvik.

For Ljosland har høgdepunktet med turen vore å møte både veljarar og lokalpolitikarar i det nye fylket.

– Litt av inspirasjonen vi får undervegs er å møte folk og kjenne på at det er eit lagarbeid. Det er ikkje berre eg, Trude og fylkessekretærane i bilen som er på KrF-laget, men det er veldig mange i begge fylka.

– Ein gimmick med innhald

Brosvik kan forstå det dersom nokon tenkjer at turneen berre er ein gimmick.

– Men det er i alle fall ein gimmick med godt innhald, seier ho.

– Og om det hadde vore ein gimmick hadde vi uansett lært å kjenne både kvarandre og fylka betre. Det er godt å få kjenne på dei vegane vi seinare skal vere med å prioritere mellom, og kome på dei skulane vi skal prioritere mellom, legg Ljosland til.

Diskuterer veg og samferdsle

Førstekandidaten er likevel usikker på om det er nokon saker dei har endra syn på etter turen gjennom det nye fylket.

– Men for oss er det ei viktig sak at strukturen for vidaregåande skular skal ligge i ro dei neste fire åra. Folk er òg opptekne av infrastruktur som veg og breiband. I tillegg tar mange opp klima og miljø, seier Brosvik.

Éin ting vert likevel diskuterte oftare enn andre i bilen til KrF-toppane.

– Det er kanskje ikkje til å stikke under stol at samferdsle og veg ofte vert diskutert når vi køyrer rundt på denne måten, seier Brosvik.