Hopp til innhold

KrF-profil rasar mot dei som sår tvil om Hareide som leiar

Dei som sår tvil om Knut Arild Hareide som partileiar kan bidra til å skape splid i partiet i årevis framover, trur KrF-profil på Vestlandet.

Trude Brosvik

IRRITERT: Trude Brosvik i KrF er irritert på dei som krev Knut Arild Hareide sin avgang.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Dei som no tek dette opp, dei har ikkje partiet sitt beste i tankane. No har NRK klart å leite fram nokon som ikkje er godt kjent i partiet for å finne nokon som vil krevje Hareide sin avgang, men det betyr ikkje at det er ein debatt i partiet, seier Trude Brosvik.

Ho har vore ordførar i Gulen kommune i 12 år, har sete i sentralstyret til KrF og er ein av kandidatane til å bli KrF sin nye toppkandidat i det nye Vestland.

I dag har KrF-politikar i Vest-Agder Anne Ma Timenes sagt at ho har fått mykje støtte etter at ho sa at Knut Arild Hareide bør gå av som partileiar.

Brosvik blir irritert av utspelet til Timenes.

– Eg likar det ikkje. Det er berre tull, og det skapar sår og splid i partiet. No bør vi prate om saker og vegval. Det er ikkje noko leiardebatt i KrF i dag, meiner ho.

Representantforslag om at Norge må utrede muligheten for å signere atomvåpenforbudet.

I FOKUS: Det er mykje fokus på Knut Arild Hareide om dagen.

Foto: Vidar Ruud / NPK

– Det kan bli utfordrande å halde fram som leiar

Rabalderet starte då Knut Arild Hareide på fredag sa at han godt kunne tenke seg å sitje i regjering i lag med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Det synte seg fort at mange i partiet ikkje er einig med han i det.

Også i Brosvik sitt heimfylke Sogn og Fjordane er det KrF-folk som ser at framtida til Hareide er usikker.

– Det er Hareide sjølv som må bestemme kva han skal gjere, men det er klart det kan bli utfordrande å halde fram som leiar om han ikkje får partiet med seg på å gå i regjering med Arbeidarpartiet, seier Ronald Dalsbø.

Han er lokallagsleiar i den sterke KrF-kommunen Selje, der partiet har ordføraren.

Brosvik vil likevel åtvare mot å seie slikt.

– No må vi ha ein open debatt om retning og politikk, og ikkje ein debatt om leiar, seier ho.