NRK Meny
Normal

KrF-kjempe hjelper Trude

Håpar Trude Brosvik kan ta stafettpinnen vidare på Stortinget.

Ingebrigt Sørfønn og Trude Brosvik
Foto: KrF

- Eg brenn for KrF sine saker, og det er naturleg at eg hjelper til, seier Ingebrigt S. Sørfonn.

KrF-veteranen var sjølv innstilt
som førstekandidat i Hordaland, men trekte seg frå valkampen etter at han tapte kampen mot Laila Dåvøy.

No meiner han det er naturleg at Trude Brosvik får ein plass på Stortinget. Han har vald å profilere Brosvik sitt kandidatur fram mot valet.

- Ho har mykje å bidra med, og no satsar vi alt på at Trude skal inn og gjere si pliktteneste, seier Sørfonn.

På Stortinget i 12 år

Sørfonn har tidlegare vore leiar i Hordaland KrF og ordførar i Fitjar. Han har vore på Stortinget sidan 1997 - og han har dei siste fire åra hatt vervet som parlamentarisk nestleiar i Kristeleg Folkeparti.

Han meiner det er viktig for Sogn og Fjordane å få ein representant frå KrF på Stortinget.

- Sogn og Fjordane representerer ein vesentleg del av landet vårt, og det skjer mykje verdiskaping i landbruket og på annan måte her på Vestlandet. Det er viktig at Vestlandet viser igjen på Stortinget. Vi treng både det korrektivet og dei synspunkta som kjem herifrå.

Set pris på tilliten

Sjølv er Trude Brosvik glad for at partiveteranen held ho fram som etterfølgjaren på Stortinget.

- At han brukar tida si på å seie at eg skal ta stafettpinnen vidare, set eg stor pris på, seier stortingskandidaten frå Gulen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune