Hopp til innhold

Partia i Norge er i ferd med å bli forgubba - dette partiet har høgast snittalder

Snittalderen blant norske partimedlemmer har auka jamt og trutt dei siste åra. I KrF er snittalderen 62 år, og berre to prosent av medlemmene er mellom 18 og 30 år.

Langt mellom dei unge

FÅ UNGE: På årsmøtet til Sogn og Fjordane KrF var det langt mellom dei unge.

Foto: Eirik Hildal / NRK

I helga var Kristeleg Folkeparti Sogn og Fjordane samla til årsmøte. Også her var det langt mellom dei unge.

Erland Fagermoen er tidlegare ordførar i Balestrand og medlem i fylkestinget i 20 år.
Han er 71 år, men var slett ikkje åleine i sin årsklasse på Kristeleg Folkeparti sitt fylkesårsmøte i helga. Det var få unge andlet å spore i salen.

– Det er fleire årsaker til det. Vi rekrutterer mykje frå kristne ungdommar, og dei kristne ungdommane har ei målsetjing som går mykje på det frivillige organisasjonslivet også, seier Fagermoen.

Mange vert engasjerte i andre saker

Han peikar på at mange av dei gjer ein stor innsats i forskjellige misjons- og hjelpeorganisasjonar.

– Dei har eit høgt idealistisk nivå. Vi skal konkurrere mot det, seier Fagermoen.

Snittalderen på norske partimedlem har auka jamt dei siste åra, frå 50 år i 1989 til 56 år i 2009. No er berre seks prosent av medlemmene mellom 18 og 30 år.

KrF har dei eldste medlemmene i landet, med ein snittalder på 62 år. Berre to prosent av KrF sine medlemmar er mellom 18 og 30 år.

Har vore ein trend over tid

Statistikken kjem frå prosjektet «Politiske partier i moderne demokratier», ved institutt for Statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Det er leia av Knut Heidar.

– Det har vore slik lenge at KrF har hatt ein litt eldre profil, både når det gjeld medlemmer og veljarar, enn partia elles. Det kan hengje i hop med forankringa i religiøse organisasjonar, som har mykje å seie for deltaking og aktivitet. Den kjem noko seinare, seier Heidar.

Han peikar på at dei unge også er opptekne med studium og utdanning.

– Ein er også ganske mobil i den alderen, og det har nok også noko å seie for KrF, trur Heidar.

Snittalder i dei politiske partia

Parti

Snittalder

 SV

51,48

 Ap

56,57

Sp

58,4

KrF

61,92

V

51,94

H

59,68

FrP

55,29

Total

56,15

Trur utfordringa er å verve dei som kjem heim

Ein ung KrF-ar som fell i den kategorien er 21 år gamle Tore Storehaug frå Askvoll. Han er nestleiar i KrFU, partiet sin ungdomsorganisasjon.

Han studerer i Oslo og trur utfordringa for KrF vert å verve ungdomen som vel å kome heim.

– Vi er kanskje ikkje gode nok til å sjå på dei som kjem tilbake etter at dei har teke utdanning andre stadar, dei som held på å slå seg ned og starte familie, seier Storehaug.

– No er det vanleg å reise ut for å ta utdanning. Og så er det veldig mange av oss som har eit ønskje om å komme tilbake til alle dei gode tinga ein har i Sogn og Fjordane. Men då er det ofte sterke ressurspersonar som kjem, og dei vert fort veldig opptekne, seier Storehaug.

Han trur dei må vere litt flinkare i partiet til å prøve å få tak i desse personane.

Må syne dei unge at det nyttar

Partileiar for KrF i Sogn og Fjordane, Trude Brosvik trur partiet har gode saker for å lokke ungdom, men meiner fokuset har vorte feil.

Trude Brosvik

FEIL FOKUS: Partileiar for Sogn og Fjordane KrF, Trude Brosvik, meiner biletet som vert teikna av KrF ikkje alltid er rett.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Det er ein del bilete som vert teikna av KrF, at vi er anti-homofile, at vi ikkje vil tillate abort, til dømes. Det er krevjande å forklare for ungdom kva partiet vårt eigentleg står for, seier Brosvik.

Partiveteran Fagermoen meiner ungdomsorganisasjonen må få sine sigrar i partiet. Slik vil også ungdom utanfor sjå at det nyttar.

– At det då vert vidareformidla til resten av ungdommen, slik at dei ser at det er moglegheiter her. Eg trur kanskje det er ein måte å gjere det på, seier Fagermoen.