NRK Meny
Normal

KrF går hardt ut mot Frp

– Framstegspartiet oppfører som eit sosialistisk parti i møte med det dei ikkje likar, seier Trude Brosvik, som er 2.-kandidat til Stortinget for KrF i Sogn og Fjordane.

Trude Brosvik

KRITISK TIL SPRÅKKRAV: Trude Brosvik er stortingskandidat for Kristeleg Folkeparti i Sogn og Fjordane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Val

Bakgrunnen for at Brosvik går ut på denne måten er ein reaksjon på at Framstegspartiet vil trekke tilbake kontantstøtte og barnehagestøtte til innvandrarborn, dersom dei ikkje består ein språktest som treåringar.

– Dersom du ikkje gjer som vi vil så blir du straffa. Vi kan kanskje ikkje sende deg ut av landet, men du skal i alle fall ikkje få pengar frå samfunnet, seier Brosvik.

– Men heller ikkje KrF vil vel gi stønadar til alt utan å stille krav?

– Nei, det er klart ein stiller nokre krav til stønad. Men eg reagerer på Frp som vil gjere familieøkonomien avhengig av om ein treårings består ein språktest, når vi veit kor ulike treåringar er når det gjeld språk og språkforståing, seier Brosvik.

– Må stille krav

– Vi er vel så langt unna eit sosialistisk parti som du kan komme. Det er vel heller Trude Brosvik og KrF som flørtar med venstresida, seier Britt Dalsbotten, som er førstekandidat for Framstegspartiet i Sogn og Fjordane.

Britt Dalsbotten

LEGITIMT Å STILLE KRAV: Britt Dalsbotten er førstekandidat for Framstegspartiet i Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

– Men som Brosvik stiller spørsmål om; Er det rett å gjere familieøkonomien avhengig av om ein treåring klarar ein språktest?

– Dette er sett svært på spissen. Det vert nok ei individuell oppfølging. Poenget er at foreldra har eit ansvar for at borna vert integrerte. Når staten legg til rette det dei kan, men det ikkje er vilje å spore i andre enden, då må ein sette inn sanksjonar, seier Dalsbotten.

Vegopning på Bergum i Førde kommune