Hopp til innhold

KrF fram i Gloppen - Høgre fram i Flora

Medan Kristeleg Folkeparti (KrF) har dobla oppslutnaden sin i Gloppen kommune, har Høgre teke eit solid hopp fram i Flora.

Bjørn Hollevik og Trude Brosvik

FOSSAR FRAM: Høgre sin andrekandidat, Bjørn Hollevik, er strålande nøgd med kraftig auke i oppslutnaden i heimkommunen Flora, medan Trude Brosvik kan juble over dobla oppslutnad i Gloppen.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Med ei oppslutnad i Gloppen på 19,8 prosent syner KrF ein framgang på 8,2 prosent sidan førre val.

– Det var veldig kjekt. Når eg har vore innom Gloppen i valkampen har eg verkeleg følt på at vi var i medvind der, seier førstekandidat i Sogn og Fjordane KrF, Trude Brosvik.

– Skulekampen viktig faktor

Ho trur kjempehoppet skuldast at partiet støtta Firda vidaregåande skule i skulekampen.

– Det var jo fylkespolitikk. Kvifor skal det blandast inn i Stortingsvalet?

– Ja, det kan du seie, men eg trur det var nok sikkert litt meg som person, og at vi har stått for det vi har sagt og gjort deretter, og det haustar vi, seier Brosvik.

– Alle dei Facebook-meldingane som har komme frå Gloppen om at i år stemmer vi Trude Brosvik, er bra, seier ho.

Senterpartiet held grepet

Likevel er Senterpartiet framleis storebror i Gloppen med ein oppslutnad på heile 43,8 prosent. Dette trass i at dei går tilbake med 3,1. Per Rune Vereide, fylkessekretær i Senterpartiet i Sogn og Fjordane er strålande nøgd.

– Det er vi veldig nøgd med, med tanke på alt som ligg bak oss dette året er det eit veldig godt resultat for oss.

Partiet har fått dårlege signal frå meiningsmålingar før valet. Vereide seier han ikkje var nervøs av den grunn, men spent, det var han.

– Eg hadde vel kanskje trudd vi kom endå lågare, så dette er all grunn til å vere nøgd med. Det er gjort ein god jobb i Gloppen, og resultatet fortel at folk der har tillit til Senterpartiet.

Høgre fossar fram i Flora

I Florø er det derimot Høgre som syner størst framgang. Med 28 prosent oppslutnad har dei hatt ein framgang på 9,5 sidan førre val.

Framleis er Arbeidarpartiet i toppen med 31,5 prosent oppslutnad, og også dei aukar, men på langt nær så mykje som Høgre. Andrekandidaten til Høgre meiner dette syner at folk i Florø vil ha endring.

– Det er veldig bra. Med den framgangen er eg veldig glad for kva folk i Florø har stemt. Det fortel i grunn at folk ønskjer ei endring, også i Florø. Det er det tydelegaste svaret vi kan få. Og så betyr det også at folk som no har prøvd seg på Høgre-styre i to år er nøgde.

Djuvik og Frp tilbake

Framstegspartiet og Frank Willy Djuvik går i Flora tilbake med 5,9 og ligg på 15,2 prosent oppslutnad.

– Det handlar nok om at ein har sett at det er berre tre distriktsmandat, og det å kjempe om eit utjamningsmandat er eit lottospel, så det å putte stemmer der trur eg mange har funne ut var meiningslaust og har lagt dei i hatten på Høgre i staden, seier Hollevik.

Førstekandidaten til Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik, er skuffa over resultatet i Flora.

– Vi er litt skuffa, men vi var budd på at vi kom til å ha ein nedgang. Vi er litt realistar også ut frå meiningsmålingane, så vi var budd på ein nedgang, men vi hadde håpt å halde stand på same nivå som tidlegare i Florø. Det klarte vi ikkje, og det må vi berre gjere endå betre neste gong.

– Kvifor klarar de ikkje å halde stand?

– Det har mykje med at Høgre har satsa veldig tungt i Florø, og trass i at dei visste at dei ikkje kom til å få to, så har dei marknadsført andrekandidaten frå Florø som at det var ein potensiell stortingskandidat, men det er jo heilt legitimt det, og det er måten å hente stemmer på. Men det går jo sjølvsagt utover oss, og det må vi leve med.