Hopp til innhold

Kva har du lyst å spørje Krf om? No har du sjansen!

I ettermiddag brakar det laust med partiutspørjingane på radio og nett-TV i NRK Sogn og Fjordane. Først ut er KrF og Trude Brosvik. Nytt i år er at også du kan bidra med dine spørsmål.

Følg utspørjinga av Trude Brosvik (KrF)

DIREKTE: Følg utspørjinga av Trude Brosvik (KrF) direkte i nett-TV frå klokka 16:00.

Vallogo

Toppkandidaten på fylkestingslista til KrF er den første til å bli grilla om partiet sin politikk dette lokalvalet. Utspørjinga kan du høyre på nettradio, NRK P1 og sjå her på nettsidene nrk.no/sf.

Vi kjem til å plukke ut nokre få spørsmål frå publikum, og det er fleire måtar du kan kontakte oss i NRK på, dersom du har spørsmål til Trude Brosvik:

  • Du kan bruke Facebook, Twitter eller Instagram

  • Bruk emneknaggane #nrksf, #nrkvalg og #nrkval

  • Send oss ein SMS med kodeord SF til 1987

  • Send oss ein epost til sf@nrk.no

Trude Brosvik er ein svært røynd lokal- og fylkespolitikar. Ho har stått last og brast med Kristeleg Folkeparti i mange år, og leiar i dag eit fylkestingsgruppe på tre representantar. Det blir spanande å sjå kva veg KrF vel etter valet 14. september.

Erlend Blaalid Oldeide

LEIER VALSENDINGA: NRK-journalist Erlend Blaalid Oldeide leier utspørjinga av Trude Brosvik frå Krf.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I utspørjinga på radio og nett-TV i ettermiddag må Brosvik mellom anna svare for kvifor ein treng eit eige kristeleg parti. Og kvifor skal ikkje-kristne veljarar stemme på KrF?

Andre relevante saker kan vere den desentraliserte skulestrukturen i fylket. I den komande perioden blir det færre elevar og mindre pengar til fordeling. Kva vil KrF gjere med dei vidaregåande skulane våre?