NRK Meny
Normal

Viss ikkje du absolutt må over fjella i dag, kan du gjere lurt i å vente til i morgon...

Fleire fjellovergangar i Sogn og Fjordane er stengde på grunn av uvêr, og det ser ikkje ut til at vêret har tenkt å roe seg med det første.

Bjøberg

BLES GODT KLOKKA 10: Slik såg det ut på webkameraet til Vegvesenet som står på Bjøberg, i retning Borlaug.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Klokka 19.30 er dette status på fjellovergangane i Sogn og Fjordane:

  • E16 Filefjell: Snødekke, glatt, redusert sikt og vanskelege køyreforhold.
  • Riksveg 15 Strynefjellet: Kolonnekøyring på grunn av uvêr.
  • Fylkesveg 53 Årdal-Tyin: Stengt på grunn av uvêr. Vegen er open til Tyinosen på Årdalsida.
  • Riksveg 13 Vikafjellet: Stengt på grunn av uvêr. Vert ikkje opna søndag.
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet: Redusert sikt, snø- og isdekke. Kan bli innført kolonnekøyring på kort varsel.
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland: Kolonnekøyring på grunn av uvêr.

– På Hemsedalsfjellet er det relativt greie køyreforhold. Det er litt vind og redusert sikt, sjølv om det ikkje er ille. Men det er meldt meir vind utover dagen, så varselet om kolonnekøyring på kort varsel vert ståande, seier vakthavande ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, Jan Erikstad.

Litt mot normalt, er det krevjande køyreforhold på E16 over Filefjell.

– Her er det null-føre, slaps og vanskelege køyreforhold. Det er berre vegar heile vegen opp på vestsida, men det er når ein først er kommen opp på fjellet at det er problem. Her må ein berre ta det med ro, seier Erikstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kolonne på Strynefjellet 13.04.14

KOLONNE: På veg over Strynefjellet vert det mykje venting.

Foto: Roger Vik

Opnar ikkje Vikafjellet i dag

Riksveg 13 over Vikafjellet har vore stengd sidan laurdag på grunn av uvêr og fare for ras. Ein har no bestemt seg for å ikkje opne fjellovergangen mellom Vik og Voss søndag.

– Det er ganske ille uvêr der oppe, og meldingane syner at det berre skal bli verre. Her vil dei vente til i morgon, så får ein ta ei ny vurdering då, seier Erikstad.

Det er ikkje teke noko avgjerd om fylkesveg 53 Årdal-Tyin og fylkesveg 52 Hol-Aurland vert opna i dag.

– Det har eg førebels ikkje fått melding om. Det kjem litt an på temperaturen. Akkurat no ligg det rundt null, men vert det kaldare, så kjem nedbøren som snø, og då vert det fort krevjande, seier Erikstad.

Han fortel at det er roleg på vegane søndag, og ikkje mykje trafikk å snakke om.

– Det kan verke som dei fleste kom seg av garde fredag og i går. Resten ventar vel til over helga, seier Erikstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vikafjellet

UVÊR: Det bles godt på Vikafjellet, og riksveg 13 vert ikkje opna i dag.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Framleis OBS-varsel i Sør-Norge

Meteorologisk institutt sende laurdag ut OBS-varsel for fjellet i Sør-Norge på grunn av mykje nedbør og sterk vind. Dette varselet vart fornya søndag.

– Det blir nok krevjande forhold i fjellet, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Anne-Mette Olsen.

Det bles til dels kraftig i fjellet mange stader, og dette kjem til å halde fram utover dagen.

– Det er venta at vinden skal minke, men det vil ta litt tid. No er det sterk kuling, men den er venta å minke i løpet av kvelden, samt at den dreier på nordvest, seier Olsen.

Kan komme snø ned i 200 meter

Men dette er berre for ein kort periode, for vinden tek seg opp att måndag.

– Det vil også bli regn- og snøbyer i heile dag og også i morgon, seier Olsen.

Temperaturane er venta å gå noko ned, noko som også får konsekvensar for snøgrensa, som søndag ligg på 500–600 meter.

– Det kan komme snø ned til 200 meter. Spesielt natt til måndag vert det kaldare, sjølv om dagtemperaturen måndag truleg vert om lag som søndag, seier Olsen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.