Hopp til innhold

Ny stein ramla ned frå taket - ordførar krev umiddelbar opprusting

Måndag morgon kom ein stor stein ned i vegbana i Høyangertunnelen. No krev ordføraren at tunnelen blir rusta opp straks.

Stein datt ned frå tunneltak

STEIN I VEGBANA: måndag morgon kom det ned stein midt i vegbana i Høyangertunnelen.

Foto: NRK-tipsar

– Dette er veldig alvorleg, og noko vi ikkje kan leve med. No krev vi at dette blir ordna umiddelbart, seier ordførar i Høyanger, Petter Sortland.

Måndag morgon kom ein stor stein ned i Høyangertunnelen. Det er ikkje første gong.

– Eg tenkjer med ein gong på kva som kunne skjedd dersom det hadde vore trafikkfarande der når steinen losna. Det er eit mareritt for ein kvar som ferdast i tunnelar, slikt skal ikkje skje, seier ein uroa ordførar.

Kjem stein – særleg ved vêrskifte

Statens vegvesen har ikkje fått melding om steinsprang, men sender entreprenør til tunnelen for å undersøkje. Eivind Yttri, seksjonsleiar i Statens vegvesen, seier også at det kan kome fleire steinsprang.

– Det er ei kjensgjerning at tunnelen har sprakefjell, og då losnar det ofte heller eller steinar av denne typen. Vi gjennomfører inspeksjonsreinsk, som vil seie at entreprenørane undersøkjer faren for steinsprang, fjernar lause steinar og merkar av spesielt utsette område.

– Men, det vil kunne kome meir stein, spesielt kjem det i periodar med vêrskifte om våren og hausten, seier Yttri.

(Artikkelen held fram under biletet)

Høyanger-ordførar Petter Sortland på vegopninga Torvund-Teigen E39

UROA ORDFØRAR: Petter Sortland, ordførar i Høyanger, er uroa over situasjonen i Høyangertunnelen.

Foto: Alf Vidar Snæland

Treng omfattande vedlikehald

At tunnelen er moden for utbetring er også Statens vegvesen klar over. I rapporten om vegvedlikehald på fylkesvegnettet, er Høyangertunnelen trekt fram som den tunnelen i fylket som det vil koste mest å ruste opp.

Totalt trengst det 2,6 milliardar kroner for å få bukt med forfallet i tunnelane her i fylket, og av desse vil Høyangertunnelen krevje 370 millionar.

– Tunnelen står på ei akuttliste over tunnelar der det kan kome ting ned ifrå taket. Det har likevel mest vore snakk om takplater som er sette opp for å hindre fukt og dropar å renne ned på bilane, og heller kome ut i vegsida, fortel Sortland.

Har planar – men ikkje før neste haust

Platene er utsette for mykje fukt og såleis rustar festa fort. Dermed er det fare for at platene dett heile ned i vegbana.

– Det er i seg sjølv uakseptabelt, og når det no kjem ned stein også, så er det klart at tunnelen er moden for renovering. Tunnelen er 7,5 kilometer lang, utan naudnett, og utan mobilnett. Det har vi påpeika til det keisame til vegstyresmaktene, seier Sortland, og krev at det blir teke grep.

Og Statens vegvesen har planane klare, men oppstart er ikkje før hausten 2014.

– Det stemmer at Høyangertunnelen står på ei slik liste, men det er ein stor jobb å rehabilitere. Planen er å lyse ut og starte opp hausten 2014, og jobbe ut 2015. Alt etter kor mykje pengar som vert løyvde. Då skal mellom anna vifter skiftast ut, og ein del av tunnelen skal sprutast med betong. Det siste vil vere med å redusere faren for steinsprang, avsluttar Yttri.