Hopp til innhold

I oktober vart ein unge påkøyrd her - no krev dei tryggare skuleveg

Foreldreutvalet ved Sunde skule krev no tiltak for å sikre tryggare skuleveg på E39 ved Movika i Førde etter at ein gut vart påkøyrd i haust.

Ole Johnny Sundbotten og Eli Hellebust

ATTENDE DER GUTEN VART PÅKØYRD: Ove-Jonny Sundbotten og Eli Hellebust frykta det verste då sonen deira vart påkøyrd i oktober.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Påkøyrsla hende i oktober i fjor då guten gjekk av skulebussen og skulle krysse den sterkt trafikkerte E39 like aust for Førde. Guten kryssa vegen framfor bussen, og kvinna som køyrde bilen som kom bak bussen, køyrde på guten.

– Det er ikkje lange reaksjonstida ein bilførar har viss nokon kjem ut i vegen her, seier Ove-Jonny Sundbotten.

I haust opplevde han og Eli Hellebust alle foreldre sitt mareritt.

– Eg var på jobb og fekk telefon om at yngste sonen min var påkøyrd. Å få ei slik telefon er alle foreldres største skrekk. Ein blir veldig redd, for ein veit jo ikkje kva som har skjedd med ungen, fortel Hellebust.

Frykta milten var sprukken

Ho vart fortalt at guten var medviten etter ulykka og at han hadde eit brot i foten.

– Dei fortalde at det også såg ut som at han hadde væske i mageregionen, og at det kunne vere milten som hadde sprukke, eller at han hadde brot i bekkenet. Viss det var det, måtte han sendast direkte til Haukeland universitetssjukehus, fortel ei tydeleg prega mor.

Til alt hell synte det seg at det ikkje var noko skade i mageregionen til guten likevel.

– Men det var eit såpass komplisert brot i foten at dei likevel valde å sende oss til Haukeland, fortel Hellebust.

Den 11 år gamle guten var på veg heim frå skulen og vart påkøyrd då han skulle krysse E39 ved Movika 31. oktober i fjor.

– Eg gjekk utover mot vegen, og så såg eg ikkje bilen. Dermed køyrde han rett på meg, fortel guten.

Ulykke ved Movika

FRÅ ULYKKESSTADEN: her i svingen ved Movika i Førde vart guten påkøyrd i oktober i fjor

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Vil ha anna køyretøy eller lågare fart

No vil foreldreutvalet ved Sunde skule ha på plass tiltak som sikrar tryggare skuleveg. Elin Botnen Viken i Sunde FAU ser førebels to alternative løysingar.

– Det første er alternativ skyss, der ein brukar anna motorkøyretøy enn buss, til dømes bil. Alternativ to er å setje ned fartsgrensa til 50 km/t, aller helst med gangfelt, seier Viken.

Asgeir Helleseth Furnes i Statens vegvesen seier at det ikkje er aktuelt å setje ned fartsgrensa på staden.

– Etter våre kriterium for fartsgrense, er ikkje dette tettbygd strøk. Då har vi ikkje moglegheit til å setje ned fartsgrensa ytterlegare. Den er 70 km/t i dag. Skal fartsgrensa ytterlegare ned, må det vere tettbygd strøk for at vi skal kunne gjere det, seier Furnes.

Kommunen vil sjå på problemet

Statens vegvesen trur at skuleskyss med ein mindre bil, som kan setje av elevane slik at dei slepp å krysse E39, kan vere løysinga. Dette er noko Førde kommune må sjå på seier rådmann Ole John Østenstad.

Ole John Østenstad

FØRDE KOMMUNE SKAL SJÅ PÅ SAKA: Rådmann Ole John Østenstad

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– Vi skal ta fatt i den problemstillinga som er der, og prøve å få ei avklaring så fort som råd, seier Østenstad.

Eit langt arr på foten vitnar om eit skjebnesvangert møte for guten, men han var trass alt heldig.

– Denne gongen gjekk det bra. Men det var veldig, veldig nær. Det var små marginar, seier Sundbotten.

Ein kvinne i 60-åra vart etter ulykka tiltalt for brot på både vegtrafikklova §31 og trafikkreglane. Saka var oppe i Fjordane tingrett førre veke.