NRK Meny
Normal

Krev to år og fire månader fengsel for narkotiltalt sunnmøring

Mannen vart pågripen med 260 gram amfetamin, 11.000 kroner og fleire SIM-kort i sekken på kaien i Måløy. No krev politiet to år og fire månader fengsel for sunnmøringen.

Saka byrja å rulle i mai i fjor då mannen vart pågripen då han gjekk i land frå Hurtigruten . Gjennom etterforskingsarbeidet har saka vakse i omfang.

Då mannen denne veka møtte i Søre Sunnmøre tingrett gjekk tiltalen på kjøp av 1,3 kilo amfetamin og ein liter GHB. Politiet meiner at mannen har seld delar av dette, også til personar i Sogn og Fjordane.

Dette nekta mannen for, ifølgje Sunnmørsposten.

Mannen erkjende tidleg kjøp av kring 300 gram amfetamin, hovudsakleg til eige bruk.

Ifølgje avisa avslutta aktor Arne Roti saka med å krevje fengsel i to år og fire månader fengsel. Mannen har allereie sete varetektsfengsla i fem månader.

Forsvarar Erling Flisnes meiner påstanden var for streng og at fengselsstraffa allereie var sona, skriv Sunnmørsposten.

Dom er venta seinare i månaden.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.