Hopp til innhold

Krev tiltak som jamnar ut nettleiga

– Det er urettvist at folk som bur rett ved sidan av kjeldene til miljøvennleg energi skal ha den dyraste straumen i landet, seier Liv Signe Navarsete. No vil ho ha endring.

Liv Signe Navarsete

ENGASJERT: Liv Signe Navarsete vil at vi skal få ei ordning som gjer at alle i Noreg betalar lik nettleige.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Vi ønskjer ei ordning lik det vi har på anna type infrastruktur, som til dømes telefon, veg og bane, der det kostar det samen anten ein nyttar ei teneste i Sogn og Fjordane, Finnmark eller Oslo, seier stortingsrepresentant for Senterpartiet Liv Signe Navarsete.

Fylkesstyret i Senterpartiet i Sogn og Fjordane krev no at Stortinget vedtek ei utjamningsordning for nettleige som gir tilnærma lik pris til alle abonnentar uavhengig av kvar ein bur.

Ueinig med Søviknes

Nyleg sa olje- og energiminister Terje Søviknes kva han meinte om saka:

Terje Søviknes

SJØLVFINANSIERT: olje- og energiminister Terje Søviknes meiner det er greitt med ulike prisar på nettleige i ulike delar av landet.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Stortinget har sagt at nettleige skal syne att i kostnaden dei ulike kraftselskapa har med å få fram straumen til forbrukarane. Derfor blir det ulikt i ulike delar av landet, men sånn må det vere i eit system som skal vere sjølvfinansiert, sa Søviknes.

Denne utsegna har Navarsete bite seg merke i.

– Det er ikkje slik som Søviknes seier. Det må ikkje vere sånn. Dette er politikk. Dette kan vi gjere noko med og dette bør vi gjere noko med, seier ho.

Vil ha ei systemendring

Navarsete ser for seg ei systemendring for å kunne jamne ut prisane på nettleige.

– Det er fleire måtar å gjere det på. Til dømes kan Statnett vere ein regulator som kompenserer lokale straumleverandørar som må forsterke sitt nett for å få fornybar energi ut på sentralnettet. Det vil då bety at ein må heve nettleiga litt for kundar andre stadar for å få ei utjamning, seier Navarsete.