Hopp til innhold

Krev terrorstraff mot laser

Norsk flygerforbund krev at dei som rettar laserlys mot førarane av fly, blir straffa på line med terroristar.

I fjor vart 126 fly utsette for blendingsforsøk med laser her i landet. Mellom anna eit ambulansehelikopter på veg frå Bergen til Førde.

I helga vart eit SAS-fly og eit helikopter frå Forsvaret utsette for kraftige laserangrep ved Evenes.

Pilotane krev no at syndarane blir straffa etter terrorlovgjevinga. I USA kan laserblending resultere i fengsel i 20 år.