Hopp til innhold

Krev svar på kvifor vegen til Sommarskisenteret ikkje blei opna til pinse

Ordførar i Stryn, Sven Flo, krev no eit svar på kvifor gamle Strynefjellsveg ikkje blei brøytt opp til Sommarskisenteret til pinse.

Stryn sommarski

KREV SVAR: Vegen opp til Stryn Sommarski blei ikkje opna til pinse.

Foto: Montasje: Kjell Arvid Stølen/Emil Eriksson, Stryn Sommarski / NRK

– Den forklaringa bør helst vere god, seier Sven Flo.

Torsdag måtte brøytemannskapa gi seg etter at snøfresen dei brukte gjekk sund, og dei måtte skaffe ein ny frå Odda. Målet var då opning til laurdagen, men slik gjekk det ikkje.

Viktig helg

– Vi har fleire gonger tatt opp med Statens vegvesen at dei bør starte brøytinga på eit tidlegare tidspunkt slik at dei kan få opna vegen til ei så stor og viktig utfartshelg som pinse, seier Flo.

Og det er fleire som reagerer, på Facebook kjem Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel med kraftig kritikk av den manglande brøytinga.

Faksimile frå Facebook

KRITIKK: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) kritiserer Facebook manglande brøyting til Stryn Sommarski.

Foto: Faksimile frå Facebook

– Eg tykkjer det er for gale når ein stoggar 100 meter før ein er komen opp. Då meiner eg at ein må stå på, og viss utstyret ikkje fungerer, så må ein få utstyr som gjer at ein kan få tatt dei siste metrane også.

Meiner dei har gjort det dei kan

I Statens vegvesen reagerer prosjektleiar Lars Erik Karlsen på kritikken, og utsegnene frå Lødemel.

Lars Erik Karlsen

HAR LOVA OPNING TIL 1. JUNI. Lars Erik Karlsen er prosjektleiar i Statens vegvesen.

Foto: Øystein Torheim / NRK

– Eg tykkjer det er utriveleg, særleg med tanke på entreprenøren som har kjempa for å kome seg opp til Sommarskisenteret.

– Men forstår du ikkje at folk reagerer på at det blir sett igjen ein liten stubb, slik at ein ikkje får opna sommarskisenteret?

– Nei, den vesle stubben er fram til sommarskisenteret, men så må ein og brøyte parkeringsplass og vurdere snuplassar på vegen nedover.

Han seier at det no er fresa opp ei smal fure, med sju–åtte meter høge brøytekantar på kvar side, og at med det vêret som har vore i helga hadde det uansett ikkje vore trygt å sleppe opp trafikk.

– Det snøa så tett at brøytemannskapet ikkje såg hand for seg. Dei gjorde eit nytt forsøk laurdag, då hadde det lagt seg ein halv meter med snø i vegen, då var snøvêret så tett at dei måtte gi seg.

Skal brøyte vegen

JOBBAR PÅ SPRENG: Brøytekantane opp til Stryn Sommarski er sju–åtte meter høge.

Foto: Emil Eriksson/Stryn Sommarski

Har lova 1. juni

NRK har ikkje lukkast å få kommentarar frå dei nye eigarane av Stryn Sommarski . Før helga uttalte dagleg leiar Idar Aaboen at ei utsetting av opninga kom til å få konsekvensar for omsetninga.

– Vi treng kvar ei krone, så det får konsekvensar. Desse dagane har mykje å seie for oss omsetningsmessig, seier Aaboen.

– Vi har lova opning til 1. juni, og det har vi også kommunisert til eigarane av Sommarskisenteret. Dersom forholda ligg til rette for det opnar vi før, men det har dei ikkje gjort så langt, seier Karlsen.