Hopp til innhold

Krev strengare krav til eldreomsorg

– Eg er langt frå stolt av dei vedtaka som eg har vore med på å gjere, seier tidlegare Ap-politikar i Førde, Jorunn Kirketeig.

Jorunn Kirketeig

MISNØGD: Som pårørande har tidlegare Ap-politikar i Førde, Jorunn Kirketeig, fått eit anna syn på eldreomsorga på institusjonen i kommunen.

Foto: Anders Veberg / NRK

Då Jorunn Kirketeig gjekk frå rolla som politikar til pårørande, fekk ho eit anna syn på eldreomsorga.

Den tidlegare Ap-politikaren er svært lite nøgd med korleis brukarane blir behandla, og seier sjukeheimen ofte minner om eit fengsel.

– Det er berre ein plass i Norges land du kan fatte vedtak på at folk ikkje skal få komme ut. Det er når du har gjort eit lovbrot og er sett i fengsel. Det å ikkje ha eit system som sikrar at folk kjem seg ut kvar dag er veldig nært det. Eg kan ikkje sjå at det er lov. Det handlar om ressursar, seier ho.

Eit ressursspørsmål

Den tidlegare Ap-politikaren har sjølv ei mor med demens på Førde sjukeheim, og Kirketeig er også medlem i pårørandegruppa for eldreomsorg i kommunen.

Ho meiner krava som blir sett til eldreomsorga ikkje er strenge og konkrete nok. Om somrane blir ein allereie travel jobb som hjelpepleiar endå travlare med ferske vikarar, og ofte er det dei pårørande som må ta brukarane ut på tur.

– Det er ikkje andre. Det er ikkje ressursar på sjukeheimane i dag til at dei som er i pleien kan ta ut bebuarane og gå på tur med dei. Då har dei sprunge ekstra den dagen dei får det til, seier Kirketeig.

– Skulle gjerne gjort meir

Når dei pårørande ikkje kan stille opp, rekk ikkje dei tilsette på sjukeheimen over alt. Hjelpepleiar Sonja Kvam Værn fortel at dei får gjort alt det dei må, men ikkje alt dei vil.

– Du føler alltid du skulle gjort meir, seier ho.

I Verdighetsgarantien for eldreomsorg som regjeringa innførte i 2011, står det at brukarane skal kunne leva eit mest mogleg normalt liv, mellom anna med høve til å komma ut.

Vage formuleringar

I forskriftene for kvaliteten til pleie og omsorg frå 2003, står det at brukarane har krav på sosialt samkven, fellesskap og aktivitet.

Tord Dale

VAGE: Statssekretær Tord Dale.

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Tord Dale, er samd i at formuleringane er vage.

– Men så er det opp til den enkelte kommune å finne ut korleis ein best løyser dette på den enkelte omsorgssituasjonen. Vi har vore opptekne av å styrke bemanninga i sjukeheimane. Difor har vi sidan 2005 klart å rekruttere 19.000 nye årsverk til helse- og omsorgstenestene i kommunane. Vi ynskjer å styrke desse med ytterlegare nye årsverk, seier Dale.

– Skjønnsspørsmål

Til sjuande og sist er det kommunepolitikarar, som til dømes varaordførar Jan Taule i Førde, som bestemmer. Sjølv om det er sjeldan brukarane på Førde sjukeheim får ut på tur, meiner Taule at det burde vera mogleg å få til.

– Ja, eg tykkjer det må vere eit rimeleg krav. Men du vil uansett komme til eit punkt der er snakk om skjønn. Kva er godt nok? Det vil alltid vere eit skjønsspørsmål, seier han.

Kirketeig meiner at skjønn ikkje er bra nok, og ynskjer seg meir konkrete krav til eldreomsorga.

– Meir ressursar må til for å gjera opphaldet på ein sjukeheim verdig, seier ho.