NRK Meny
Normal

Krev ni månader fengsel for svensk bussførar

Aktor Anette Stegegjerdet Norberg la ned påstand om fengsel i ni månader for den 55 år turbussjåføren som var involvert i bussulukka ved Fardal i fjor. – Det er tvil om viktige element, svara forsvarar Geir J. Kruge.

To bussar frontkolliderte ved Fardal i Sogn

OMKOM: Ei taiwansk og ei norsk jente, begge i 20-åra, omkom i august i fjor då ein svensk turbuss og ein lokal rutebuss krasja ved Fardal i Sogndal.

Foto: Christian Blom / NRK

To unge kvinner, ei i kvar av dei to bussane, omkom i ulukka. To personar vart også hardt skadde. Den svenske statsborgaren erkjende ikkje straffskuld då saka starta i Sogn tingrett denne veka.

Aktor viste til forklaringane og bevisa som er lagde fram for retten, og la vesentleg vekt på forklaringa frå ulukkesgruppa ved Torgeir Bang og sakkunnig Arvid Aakre då ho fredag la ned påstand om fengsel i ni månader.

– Sjølv med berre fartsskrivar og spor frå den norske bussen kan dei fastslå at den svenske bussen var for langt inn i vegen, sa Anette Stegegjerdet Norberg i prosedyren.

Spor frå norsk buss

Anette Stegegjerdet Norberg (t.h.), Erik Slotterøy og Jens Thomas Tommesen

AKTOR: Anette Stegegjerdet Norberg (t.h.) har aktorert saka. Erik Slotterøy (i midten) representerte dei taiwanske turistane, ,medan Jens Thomas Tommessen var rettsleg medhjelpar for forsvarar Geir J. Kruge.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Forsvaret har gjennom rettssaka prøvd å så tvil om ulukkesgruppa sine funn på staden. Eit kring 13 meter langt svakt spor etter gummiavridning, har plassert den svenske bussen om lag midt i vegbana.

Aakre sa torsdag at dette sporet ikkje er så viktig. Viktigare er eit vel fem meter langt spor på kvitestripa etter den norske bussen. Ut frå fartsskrivarane meiner Aakre at det tilsvarar like langt som rutebussen trilla etter samanstøyten.

– Nokre hypoteser er framførte for retten. Finst det tvil att? spurte aktor retten.

Sentrale punkt er handlingsmønsteret dei kring fem sekunda sakkunnig Aakre meiner bussførarane kunne sjå kvarandre før kollisjonen.

Bremsa i siste sekund

Sakkunnige Aakre fortalde at den norske bussen heldt ein fart på kring 63 km/t inn mot ulukka. Fartsskrivaren viste først ein svak brems, og så ein full brems frå rutebussen. Farten gjekk frå 32 km/t til 13 km/t under kollisjonen.

Den svenske turbussen heldt 67 km/t inn mot ulukka. Først siste sekundet før samanstøyten viser fartsskrivaren ein svak nedbremsing. Farten går ned frå 62 km/t til 44 km/t i samanstøyten.

Det er 60-sone på staden.

Aktor la også til at i alt fem vitne, frå begge bussane, har forklart at turbussen låg midt i vegen. Vitne skildra også at føraren såg mot fjorden, og plutseleg «vakna».

– Det er ingen som trur at tiltalte har gjort dette med vilje. Handlingsmønsteret hans viser at han ikkje reagerte før i siste sekund, sa aktor og la til grunn at bussføraren ikkje såg bussen fordi han var uoppmerksam siste fire-fem sekunda før ulukka.

Særskilt aktsemd

Aktor meinte den svenske føraren burde skjønt at kollisjon i 60 km/t mellom to bussar kunne skje og at det kunne medføre alvorleg skade. Ho viste til dei fire-fem sekunda han ikkje var oppmerksam.

Aktor framheva at tiltalte, som førar av ein buss med passasjerar, var i ein situasjon som krev særskild aktsemd.

– Ein meiner tiltalte er sterkt å bebreide for sin handlemåte, sa aktor.

Skjerpande omstende

Stegegjerdet Norberg fann ingen formildande omstende og la ned påstand om fengsel i ni månader. Ho la også ned påstand om tap for alltid av førarretten.

Som bakteppe viste aktor til andre dommar frå tilsvarande saker.

– Det er skjerpande omstende. Passasjerane har ikkje moglegheit til å påverke det som skjer. I vår sak er ikkje tiltalte ung og uerfaren. Han har heller ikkje hatt førarkort i kort tid, sa Stegegjerdet Norberg, og la til at det heller ikkje var tilståingsrabatt.

Aktor la også vekt på at pårørande etter den norske omkomne kvinna kjende seg krenka av framferda til tiltalte i samband.

– Det har ført til ekstra belastning for dei pårørande, sa aktor før ho avslutta med påstanden om fengsel i ni månader, i tillegg til tap av førarretten for alltid.

– Eit mysterium

Geir J. Kruge

FORSVARAR: Geir J. Kruge forsvarer den tiltalte 55-åringen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Forsvarer Geir J. Kruge la ned påstand om frifinning for både straffekrav og erstatningskrav, subsidiert at busssjåføren blir dømd på mildaste måte.

Som aktor minna forsvarar Kruge retten om at den tiltalte skal frifinnast om retten meiner det er tvil om han har handla slik tiltalen skildrar.

Han meiner ulukka var eit samanfall av uheldige omstende, og at påstanden frå aktoratet er alt for streng om det skulle bli domfelling. Forsvararen meinte heller ikkje det var grunnlag for å dømme klienten for aktlaust bildrap.

– Tvilen skal komme tiltalte til gode. Det er ikkje nok å legge til grunn at han «mest truleg» har handla på den eine eller andre måten, men det faktum at han har gjort slik eller slik, innnleia Kruge sin prosedyre.

Kruge viste til vitne som fortalde at tiltalte køyrde bra og låg rett, noko som samsvara med tiltalte si forklaring. Han meinte også at funn på staden stadfesta at turbussen låg nær, og stogga på, kvitestripa.

– Korleis kunne bussen ligge så langt inne i vegen, og hamne der når bussen ikkje kunne styrast? Det er eit eit mysterium for tiltalte, og eit mysterium for underteikna, sa Kruge.

Oppfatta situasjonen likt

Vidare viste forsvaret til at begge førarane opplevde situasjonen normalt til like før bussane støytte saman.

– Dette tyder på at begge førarane måtte rekne med at det her er mogleg å passere kvarandre. Det tyder på at begge må ha hatt ei felles oppfatning at her skulle det ikkje skje samanstøyt, slik det tragisk nok gjorde, sa Kruge.

Dei to bussane trefte kvarandre med 5-15 centimeter, på ei vegbreidde der overingeniør Torgeir Bang ved Statens vegvesen meiner det bør vere kring 20 cm mellomrom om to store køyrety ligg rett i vegbana.

Sådde tvil om norsk buss

Kruge sådde i prosedyren tvil kring plasseringa til den norske bussen, og viste til sakkunnige Aakre si forklaring om at begge bussane kunne ligge noko over midten av vegbana.

– Usikkerheitsmomentet er den norske bussen si plassering. Jo lenger ute den ligg, jo mindre rom blir det for den svenske bussen, sa forsvararen og la til at vegen er smal, kurva har feil tverrfall, og at ein buss treng noko større plass i ein sving.

Små marginar, fatale følgjer

– Det er små marginar, og relativt små feilvurderingar frå begge sider kan få fatale følgjer, sa Kruge.

Den svenske føraren seier at dersom det er tale om aktløyse, så er det tale om ei kortvarig aktløyse og feilvurdering og dermed ikkje oppfyller kravet til domfelling.

– Vi meiner det er tvil om viktige element i hendingsgangen som skal komme tiltalte til gode, avslutta Kruge.