NRK Meny
Normal

Naturen lokkar - men Hollywood vel bort Norge grunna manglande økonomisk støtte

Norge har det meste ein filmprodusent kan ønske seg av natur, likevel blir få innspelingar gjort her til lands. No krev filmbransjen betre vilkår.

Sjølv om Norge har det meste ein filmprodusent kan ønske seg av natur, blir få innspelingar gjort her. Grunnen e høge kostnader. Norge har ingen støtteordningar for produksjon av utenlandsk film, og blir dermed valt vekk

SJÅ TV-REPORTASJE: Turistnæringa og filmbransjen etterlyser betre støtteordningar for utanlandske filmproduksjonar.

I motsetnad til dei fleste europeiske land har Norge ingen støtteordningar for produksjon av utanlandsk film. Legg ein til eit høgt norsk prisnivå, backar dei aller fleste filmteam ut lenge før ein har fått trykt «record» på kamera.

Vil ha norsk incentivordning for film

Hilde Kvamsås

KREV HANDLING: Hilde Kvamsås i Vestnorsk Filmsenter meiner Norge må få på plass liknande filmstøtte som andre land.

Foto: Johan Moen / NRK

Av 100 som er her, vel 99 vekk Norge på grunn av mangelen på incentivordning, seier Hilde Kvamsås, styremedlem i Vestnorsk Filmsenter.

Då tv-giganten HBO skulle spele inn Vikings, om norrøne krigarar prisa Norge seg ut. Serien som no ligg ute i nett-tv vart i staden filma i land som Irland, der dei har incentivordningar,

Ordninga inneber at produksjonsselskapet får betalt tilbake 20 prosent av produksjonskostnadene.

No krev Kvamsås at Norge få på plass ei liknande ordning.

– Norge taper på dette. Ein taper mange og store internasjonale filmproduksjonar. Og ein går kanskje først og fremst glipp av moglegheiter for anna lokalt næringsliv som underleverandørar, turguidar, vare- og tenesteleverandørar av ulikt slag.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Fra TV-serien "Vikings"

FILMA I IRLAND: HBO-serien Vikings handlar om nordiske vikingar, men er ikkje spelt inn i Norge. Scenene er derimot spelt inn i Irland der produksjonsteamet får dekka 20 prosent av kostnadene sine.

Foto: HBO Nordic

Tente godt på Hollywood-besøk

Men nokre få vel å leggje produksjonen til Norge. Det fekk breførar Gjert Grødal i BreOgFjell i Sogn nyte godt. av.

Han er ein av få som veit kva ein Hollywood-produksjon legg att når dei filmar i Norge. Éin dag i fjor var breføraren tryggleiksansvarleg for Universal-filmen Ex Machina.

– Det var ein viktig jobb for oss. Filmproduksjonen utgjorde ein stor del av omsetnaden for oss den månaden, seier Grødal.

NRK.no møter breføraren i sjøkanten i Fjærland. På begge sider av fjorden strekkjer høge fjell seg til vêrs.

– Det er dette vi ser her som filmindustrien ønskjer å ha, konstaterer han.

Trur store produksjonar står klare

Men i kampen mot tronge budsjett taper storslått norsk natur. Svært få storproduksjonar når norskegrensa.

Det stadfester regissør Halgrim Haug. Han jobbar til dagleg i Hollywood og har vore med på fleire storproduksjonar, som Død Snø 2. Mykje av den vart filma på Island.

Hallgrim Haug

TRUR MANGE VIL KOMME: Regissør Hallgrim Haug trur mange filmproduksjonar vil hamne i Norge, dersom dei økonomiske vilkåra blir betre.

Foto: NRK

– Det blei for dyrt å spele inn her i Norge. Ein har ingen sjanse til å få tilbake investert beløp, seier regissøren.

Tysdag fortalde han NHO reiseliv i Alta at det hastar med å få ei norsk incentivordning på plass.

– No er merksemda retta mot Norge. Viss vi får den på plass ganske kjapt så trur eg det er ein stor sjanse for at vi raskt vil få ein markant produksjon inn stovedøra. Det vil opne for at det kjem fleire i bakkant, seier Haug.

Kulturdepartementet kunne tysdag ikkje kommentere saka, men opplyser til NRK.no at dei no greier ut kva støtteordningar dei skal satse på i framtida.

Og mens regjeringa greier ut, ønskjer i alle fall breføraren i Sogn fleire produksjonar velkommen.

– Det vil føre til meir aktivitet. Det er det behov for, seier Gjert Grødal.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen