Hopp til innhold

Krev skikkeleg opprydding etter orkanen

Over ein million tre kan bli liggande att i skogen etter Dagmar. No krev Naturvernforbundet ei skikkeleg opprydding.

Nedfalls

SLIK KAN DET BLI LIGGANDE: Store mengder skog som vart blåst over ende under orkanen kan bli liggande slik. (Illustrasjonsbilete).

Foto: Rolf Sanne-Gundersen / NRK

Herjingane til romjulsorkanen Dagmar i 2011 sette for alvor sine spor i skogane i Sogn og Fjordane. Tre på tre la seg over ende, og mykje av dette ligg slik enno.

Slik kan ein ikkje ha det meiner Torleif Jakobsen, som er fylkesleiar i Naturvernforbundet.

– Eg synst vi skal stille krav til grunneigarane om at dette skal ryddast opp i, seier han.

– Mykje ligg i område der ålmenta ferdast, og då treng ein å få rydda opp og gjort dette skikkeleg.

Vanskeleg oppryddingsarbeid

Rundt 300.000 kubikkmeter med barskog, det aller meste gran, gjekk over ende under Dagmarorkanen for snart halvanna år sidan.

Av dette ser det ut til at berre halvparten vert henta ut, seier dagleg leiar Ingunn Kjelstad i Sogn og Fjordane skogeigarlag.

Ho seier det er fleire grunnar til at mykje av vindfallet berre blir liggande.

– Vi må erkjenne kva som er realitetane i Sogn og Fjordane. Vi har eit dårleg utbygd vegnett i skogen, det er mykje bratte lier og mykje skog som står vanskeleg til.

– Dette gjer at det kostar meir å ta ut skogen her, og det tek lenger tid å byggje ut infrastruktur. I tillegg har vi med biologisk materiale å gjere, og verdien av det blir forringa over tid, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Orkanskade på skog.

ORKANSKADE: Dårleg utbygd vegnett i skogen og mykje skog som står vanskeleg til, er noko av forklaringa på kvifor mykje av den orkanskadde skogen blir liggande. (Illustrasjonsbilete).

Foto: Oddleif Løset / NRK

– All skog er mogleg å ta ut

Dette betyr altså at over ein million grantre, samt store mengder av anna treslag, blir igjen i skogen.

Mange stader er det i bratt og vanskeleg terreng, men fleire stader sperrar vindfallet for ferdsel i fjellet.

– Det er ein del skog som ikkje er lett å ta ut, men all skog er mogleg å ta ut, seier Geir Ove Hundeide.

Han er leiar i skogeigarlaget i Eid. Ein kommune som vart hardt råka av orkanen.

– Lite lønsemd kan ein vel seie at det er, men vi må også tenkje på korleis vi forvaltar den eigedomen vi har. Ein skal også tenkje på anna bruk av eigedomen.

– Har du skog som ligg nede no, så tek det iallfall 50 til 70 år før det er rotna og vekke. I den tida er området heilt ubrukeleg til alt anna, seier han.

Oppmodar til samarbeid med «naboen»

Torleif Jakobsen i Naturvernforbundet meiner Sogn og Fjordane kan setje ein ny standard med skikkeleg opprydding.

– Ein må ikkje berre sjå pengeverdien i dette, seier han og håpar fylket kan slå seg saman med naboane i nord.

– Saman med Møre og Romsdal var vi dei som vart hardast råkast av Dagmar. Kanskje kan vi gå over grensa og spør naboen på Møre om kva dei vil gjere, og om vi skal jobbe saman mot ei felles løysing.

– Samtidig må også storsamfunnet kome inn og hjelpe til slik at ein får rydda opp i dette, meiner han.