Leiar i forbundet, Kurt Oddekalv, seier han er forbanna. - Eg er rysta over at vi må halde på med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kvart år, seier ein oppgitt Oddekalv.
Leiar i Norges Miljøvernforbund, Kurt Oddekalv
Dispensasjon frå Fylkesmannen
Direktoratet for naturforvaltning stengde i juni fleire av sjøfuglreservata som Fylkesmannen har opna for taretråing. Fylkesmannen har gitt dispensasjon til selskapet FMC Biopolymer til å hausta tare i mellom anna dei ni omstridde reservata i Selje, Bremanger, Flora og Askvoll.
- Vurderer aksjonar
Reservata er eit viktig matfat for sjøfugl. Når tareskogen blir hausta, forsvinn fisken, noko som også går ut over næringsgrunnlaget for sjøfugl. Oddekalv og miljøvernforbundet vurderer no aksjonar mot taretrålarane.
Viser til stortingsmelding
Førstekonsulent hjå Fylkesmannen, Tore Larsen, viser til ei stortingsmelding frå 1999 som seier at det skal vera ope for taretråing i naturreservat som husar sjøfugl som ikkje er avhengig av fisken i det freda området. Likevel forstår Larsen kritikken frå Oddekalv - i prinsippet. Men han vel å forholde seg til stortingsmeldinga.