Kurt Oddekalv i miljøvernforbundet meiner at Rieberkonsernet sin trong for råstoff er i ferd med å øydelegge bestanden.
For stor suksess
– Vi hadde trudd at Rieber hadde meir vet i forvaltninga enn dette, men det verkar som dei har fått litt for stor suksess med King Oscar-sardinar, seier Oddekalv.
Norges Miljøvernforbund ber no fiskeridepartementet om å stoppe årets brislingfiske. Dei meiner fangstane tyder på at det har skjedd eit overfiske over tid. Skulda gir Oddekalv altså til King Oscar – den einaste fabrikken som er att her i landet. No krev han også at det blir forska på kor mykje brisling det er att.
Krev kvotar
– Det er viktig at også brislingen blir kvotebelagt. Det kan ikkje vera slik at det Rieber og Sildelaget berre kan bli samde om kor mykje Rieber treng for å fylle sildeboksane i USA – det blir heilt feil, seier Oddekalv.
Naturlege svingingar
Brislingfiskar Oddvar Herland stadfestar at årets fiske er svært dårleg, men han vil ikkje vere med på at det har skjedd noko overfiske. Han meiner det dårlege fisket skuldast naturlege svingingar.
– At det er eit og anna året at det er dårleg gyting, er normalt. Men at det samstundes har slått feil i alle fjordane på Vestlandet er unormalt, seier Herland.
Rieber avviser
Frå Rieber møter naturleg nok Oddekalv motbør. Dei aksepterer ikkje skuldingane.
– Vi er berre ein kjøpar av fisken. Vi har inga interesse av at brislingen skal bli overfiska og forsvinne, seier divisjonsdirektør Geir Arne Åsnes.
Ikkje overfiske
Brislingekspert Else Torstensen ved Havforskingsinstituttet seier det er eit faktum at det har vore lite brisling dei fire siste sesongane. Dei har ikkje klart å finne årsaka, men det har ikkje vore noko overfiske, seier ho.
Torstensen peikar på at det er småkval og makrell i fleire av fjordane, og at desse er ein viktig konkurrent til fiskarane og Rieber.
Ho støttar ikkje framlegget frå miljøvernforbundet om å stogge fisket. Men ho seier forskarane veit svært lite om korleis gytinga føregår og påverkar bestanden.