Hopp til innhold

Krev stans i gruveplanane

Eit samla landsmøte i Norges Naturvernforbund krev stans i planane om utvinning av rutil i Engebøfjellet i Naustdal.

Anne Lise Thingnes og Erik Solheim

Anne Lise Thingnes fekk seie si meining om gruveplanane til miljøvernminister Erik Solheim.

Foto: Norges Naturvernforbund

Det var Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane som reiste saka på landsmøtet.

– Føre var-prinsippet må gjelde

Landsmøtet meiner at deponering av enorme mengder knust fjell i Førdefjorden, blanda med kjemikalium, har så alvorlege konsekvensar at føre var-prinsippet må gjelde.

– Biologisk svært rik fjord

– Ikkje minst gjeld det når vi har å gjere med ein rein fjord som er biologisk svært rik, som er nasjonal laksefjord og som representerer ein naturtype som Norge har eit særleg ansvar for i verda, sa Anne Lise Thingnes, aktiv i arbeidet for vern av Førdefjorden, på landsmøtet.