Hopp til innhold

Krev skipstunnel etter nestenforlis

Berre 180 meter frå land vart eit lasteskip redda ved Buholmen. Nestenforliset viser behovet for Stad skipstunnel, meiner prosjektleiar.

Kristin Maurstad og Stad skipstunnel

KREV TUNNEL: Prosjektleiar Kristin Maurstad i Stad skipstunnel meiner nestenforliset tydeleg viser behovet for skipstunnelen.

Foto: Kystverket/Scanpix/NRK

Lastebåten Molo Trader fekk motorstogg på Stadhavet i tung sjø og dårleg vér i tre-tida natt til søndag.

No meiner pådrivarane av Stad skipstunnel at hendelsane i helga tydeleg viser behovet for tunnelen.

Redda i siste liten

Lastebåten dreiv raskt mot land.

Til alt hell var fiskebåten Knester i nærleiken. Dei vart kalla opp av Molo Trader som då låg berre 180 mter frå land.

Skipper Mons Eivind Troland seier dei handla så raskt som råd.

– Det var nokre dramatiske minutt. Lastebåten dreiv ganske raskt mot land, forklarar Troland.

– Det var berre ein ting og gjere. Det var å få berga lastebåten så raskt som mogleg, for den dreiv rett i mot land, seier redningsmannen.

Troland og resten av mannskapet på ti redda lastebåten frå grunnstøyting.

Eit problemområde

– Hadde vi hatt Stad skipstunnel så hadde båten gått gjennom Stad skipstunnel og hadde sluppe å hamna i problem utanfor Buholmen, seier Kristin Maurstad, prosjektleiar i Stad skipstunnel.

Planane om Stad skiptunnel har vore gjennom heile 17 utgreiingar dei siste 25 åra.

Trass i at folk på kysten har kjempa i ei årrekke for tunnelen, er lite blitt avgjort.

Siste kapittel i den årelange diskusjonen kom sist veke. Då kom det fram at fiskeriministeren tvilar på om skip og båtar hadde klart å treffe holet på tunnelen.

– Dette er eit område kor ein gjentekne gongar har sett at båtar har hatt problem, påpeikar ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lastebåt nesten på grunn

REDNING: Fiskebåten Knester redda Molo Trader farleg nær land

Foto: Daniel Stenevik

Minutt unna ulykke

Maurstad meiner ein ikkje kan vere sikre på at hjelpa er så nær til ei kvar tid.

– Utrekningar gjort av sikkerhetssenteret i Måløy viser at etter fem-seks minutt hadde dette gått verkeleg gale dersom ikkje lasteskipet hadde fått hjelp.

Maustad meiner ein bør setje punktum etter 17 utgreiingar og heller kome i gong med bygginga av tunnelen.

– Enkelte utgreiingar har vore nødvendige, men no synes vi at vi har nok grunnlag for å kunne seie at det er behov for tunnelen, seier Maurstad.

– I det veret som var i helga så var det veldig dramatisk.

Gjev ikkje opp

Skipper på Knester, Mons Eivind Troland er ikkje i tvil om kva som hadde skjedd dersom dei ikkje hadde vore i nærleiken.

– Skipet hadde hamna rett opp på land, litt sør om Buholmen om ikkje vi hadde redda han, seier Troland.

– Hadde vi hatt Stad skipstunnel så hadde båten gått gjennom Stad skipstunnel i helga og hadde sluppe å hamna i problem utanfor Buholmen, meiner Maurstad.

Dei har ikkje gjeve opp kampen om tunnelen.

– Vi vil absolutt presse på for å halde på framdrifta i saken, seier ho.