For problema er snart større enn talet på arbeidsplassar. Mowatt seier at dei berre har omlag 10 tilsette i næringa i Hyllestad.
- Etter kvart som sysselsetjinga går ned og lokal eigarskap forsvinn, så sit vi igjen med skatten frå arbeidstakarane og den omsetjinga som anlegga skaper. På den andre sida har vi arealkonfliktane, så det er eit spørsmål om kor tid vinninga går opp i spinninga, seier Mowatt.
Stadig færre tilsette
Hyllestad har sju av 80 oppdrettskonsesjonar i Sogn og Fjordane. Men i næringa som på landsplan eksporterar for meir enn 20 milliardar kroner i året, blir det stadig færre tilsette. I 2004 arbeidde vel 2200 personar innan oppdrett av laks og aure mot vel 2600 i 2001. Det er ein nedgang på heile 15%.
Miljøproblem
I Sogn og Fjordane er det kun 153 tilsette igjen i ei næring som utvilsamt også har sine negative sider.
- Det fører med seg miljøproblem og arealkonfliktar i Hyllestad kommune, der innbyggjarane kanskje med rette spør seg om dette er verdt det dei tapar, seier Mowatt.
Skatteinntektene ut av fylket
Halvparten av oppdrettskonsesjonane i fylket er kontrollert av eksterne eigarar som Pan Fish eller Fjord Seafood. Difor går skatteinntektene i stor grad til Oslo eller Stavanger. Mowatt meiner difor ein treng ein ny kommunal oppdrettsskatt.
- Eg trur at skattelegginga må endrast, til dømes skape ei konsesjonsavgift som er ein del av skattebyrda til selskapa. Men ikkje slik at skattebyrda blir større enn i dag, men at ein del blir omgjort til kommunal konsesjonsavgift, seier han.
- Alvorlege konsekvensar
Leiar i Vestnorsk Havbrukslag Sveinung Sandvik er frustrert over forslaget og seier det vil få alvorlege konsekvensar.
- Ein situasjon der ein legg på ekstra rammevilkår, vil føre til ei nedbygging av næringa. Vi snakkar om ei næring som på mange måtar held oppe distrikta og mange mindre samfunn, seier han.
- I Sogn og Fjordane er det att 153 tilsette på oppdrettsanlegga, det er eit litt anna bilete enn det du teiknar på verdiskaping i distrikta?
- Verdiskapinga er kolossal som heilskap, og vi er nøydde til å sjå landet i samanheng sjølv om det ikkje er så lett for ein ordførar som slit med ein vanskeleg kommuneøkonomi, seier Sandvik.