NRK Meny
Normal

Krev reformpause for kommunane

Kommunane meiner dei ikkje klarer fleire store oppgåver så lenge dei må styre med kommunesamanslåing. Dei meiner den store kommunereforma vil krevje alt for mykje tid og krefter dei komande åra, til at dei skal kunne gå laus på andre store omveltningar.

Montasje; Anne Karin Hamre, Terje Heggheim, Liv Signe Navarsete

REFORMPAUSE: Fleire tar no til orde for at kommunane må få fred til å konsentrere seg om kommunereforma.

Foto: Arne Stubhaug, NRK, Karl Kristian Langeland, NRK/ Erlend Aas Scanpix (MONTASJE)

– Skal regjeringa få den mobiliseringa som dei ynskjer kring kommunereforma så må kommunane få ei reformpause på andre område, seier Terje Heggheim som er rådmann i Flora.

Terje Heggheim har nok å stri med for tida. Han er rådmann for Flora kommune med sine nesten 12 000 innbyggjarar, og ser i tre ulike retningar etter kommunar å slå seg saman med.

Samstundes leiar han rådmannsutvalet i Sogn og Fjordane, og reiser rundt på konferansar og møter for å hjelpe og rådgje andre kommunar med samanslåing. No ber han staten om ein timeout.

–- Vi har nok tid til noko anna, men det vi må prioritere det er faktisk det å drive ein kommune innimellom alt dette her. Vi skal drive skular, vi skal drive eldreomsorg, og vi skal drive det som kommunane normalt sett skal drive med. Det i tillegg til kommunereform. det trur eg blir nok.

Toppen av isfjellet

Noregs kommunalminister mellom 2009 og 2014 støttar kommunane. Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet meiner vi førebels berre har sett toppen av isfjellet.

Liv Signe Navarsete

STILLE FØR STORMEN: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp)

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Så langt har det vore ganske stille om kommunereforma. Eg trur at når ein kjem så langt at ein har fått utgreiingar, og kanskje skal ha folkerøystingar og gjere vedtak i kommunestyra, då får ein eit heilt anna nivå på debattane og blant folk flest. Då blir meir krevjande for politikarane enn det vi ser akkurat i dag.

– Men bør ein ikkje kunne forventa av kommunane at dei skal kunne sjonglere fleire ballar på ein gong?

– Det gjer dei jo heile tida. Det er jo ikkje slik at samfunnet skal stoppe opp. Eg oppfattar kravet frå kommunane meir å vere eit krav om at det ikkje kjem nye store reformer, av type samhandlingsreform, i denne perioden. Det tykkjer eg dei må få støtte til.

Fylkesmannen stiller seg bak krav

Støtte får dei og frå representanten til staten i Sogn og Fjordane, fylkesmann Anne Karin Hamre, som no reiser fylket rundt for å lose reforma i hamn.

– Ja, det stiller eg meg bak. Det er jo eit ganske samstemt syn vi får i dei møta vi har med kommunane om at dette med kommunereforma vil bli ein stor jobb for kvar einskilde kommune. Då kan ikkje staten komme med veldig mange nye store reformer parallelt med dette arbeidet.

– Så då må eigentleg alle reformer som staten har planlagt som på eit eller anna vis skal påverke kommunane settast på vent i tre–fire år?

– Det er vanskeleg å seie det så kategorisk, men den klare meldinga frå kommunane er at no treng dei ro til å jobbe med kommunereforma, og då kan ein ikkje sette i gang veldig mange andre store ting samstundes.

Styrke kvaliteten

Kristin Holm Jensen

FOKUS PÅ KVALITET: Statssekretær Kristin Holm Jensen (H) i kommunaldepartementet

Foto: (Torbjørn Tandberg/KRD)

Statssekretær Kristin Holm Jensen frå Høgre i kommunaldepartementet har eitt svar å gje. Og det gjev ho gjerne fleire gonger

– Det er svært bra at kommunane jobbar intenst med kommunereforma. Det er og viktig å heile tida forbetre kvaliteten i dei kommunale tenestene, anten vi treng å styrke kvaliteten i omsorgstenesta eller sørge for betre kompetanse. . Så det arbeidet må vi halde fram med.

–Vil de innvilge ei reformpause?

– Vi tenkjer at vi heile tida må jobbe med å forbetre kvaliteten i dei offentlege tenestene både kommunane og i staten og det arbeidet kjem til å halde fram.

Er det fleire store reformer på gang, ala samhandlingsreforma og kommunereforma?

– Regjeringa har ikkje varsla store reformer av den dimensjonen som du snakkar om no, men vi er opptekne av vi heile tida jobbar med å forbetre dei offentlege tenestene.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast