NRK Meny

Krev raskt svar om sognebåten

Reiselivsdirektør Ståle Brandshaug ber fylkespolitikarane dekke ekstrakostnadene med å flytte endestoggen for sognebåten, skriv Sogn Avis. No må vi få eit svar på om fylkespolitikarane er villige til å risikere mellom 2,4 og 3,7 millionar kroner for å legge til rette for heilårssatsing i regionen, seier Brandshaug til avisa. Samferdsleutvalet bad i går dei to utvalsleiarane og administrasjonen ta eit møte med aktørane for å ta saka vidare.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.