NRK Meny
Normal

Rassikringsgruppe krev fortgang - hovudvegar blir for ofte stengde

Nasjonal rassikringsgruppe krev ministermøte og lovnadar om rassikring.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

KREV FORTGANG: Leiar i Nasjonal rassikringsgruppe, Åshild Kjelsnes, håpar ministeren lovar at rassikringsarbeidet skal gå raskare.

Foto: Arne Stubhaug / Arne Stubhaug, NRK Sogn og Fjord

– Vi ønskjer eit møte med ministeren for vi ser med stor uro på at hovudvegar som E16, E39 og E6 fleire gongar er blitt stengde på grunn av rasfare dei siste åra, seier Åshild Kjelsnes.

Ho er leiar i Nasjonal rassikringsgruppe som vil møte samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen etter at det i går gjekk eit snøskred over E39 i Romarheimsdalen. 11 personar i fire bilar vart tekne av raset og måtte gravast fram.

– Eg håpar han kan fortelje oss at regjeringa har stort fokus på rassikring og vil forsere utbyggingstakta, seier Kjelsnes.

Bil med skader etter snøraset i Romarheimsdalen på E39

REDDA UT: Ingen av dei 11 personane som vart tekne i raset fekk alvorlege skader.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Må få det offentlege vegnettet trygt

Ho viser til at ein ny Nasjonal Transportplan skal meislast ut, og då bør rassikring på ein solid pott. Kjelsnes meiner skredet i Romarheimsdalen viser at sikringa ikkje er god nok.

– Ein er nøydd å sjå på rassikringa i Romarheimsdalen, og om det er godt nok. Det er det openbert ikkje når slike ras kan skje. Det er for mange strekningar med rasfare mange stadar.

– Bør det bli sett i verk strakstiltak i Romarheimsdalen etter raset som gjekk i går?

– Det må fagfolk vurdere. Det som er viktig for meg er at vi så raskt som mogeleg går frå fasen der ein må leve med utryggheita, til at ein veit at det offentlege vegnettet er trygt.

– Klimaendringar gir nye utfordringar

Kjelsnes viser til at klima gir nye utfordringar for kvar ein kan vente at det går ras.

– Ras går på uventa stadar. Det kan ha noko med klimaendringar å gjere. Difor er det viktig å få unna farane som er kjende, slik at vi ikkje drar med oss dei når vi i tillegg får fleire utfordringar på grunn av klima.

At rassikringsarbeidet er viktig vert understreka av at talet på fylke som er medlemmar aukar.

– Åtte fylke er med i den nasjonale rassikringsgruppa, neste veke blir vi truleg ni. Så det viser at det er omfattande problem i heile landet. Men Sogn og Fjordane er det mest rasutsette fylket i landet og har utfordringar både på hovudvegsambandet og mindre vegar.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser