Krev rask oppstart av skipstunnel
Stad skipstunnel må få byggestart i 2019. Det har styret i Sogn og Fjordane Venstre vedteke i ei fråsegn. I transportetatane sitt framlegg til Nasjonal Transportplan 2018-2029, ligg tunnelen inne med nesten 2,3 milliardar kroner, men dette er avhengig av kor stort det endelege samferdslebudsjettet blir. Rask oppstart må vere eit samla krav frå Vestlandet, meiner Sogn og Fjordane Venstre.