Krev plan for opprydding av branntomta

SELJE (NRK): To månadar har gått sidan Selje hotell brann ned, men branntomta står framleis som eit opne sår.

Selje hotell etter brannen

BRANNTOMTA: Naboar krev at branntomta blir rydda, men kommunen seier det er vanskeleg å avgjere kven som har ansvaret slik situasjonen er i dag.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi ber om å få ein plan for opprydding av branntomta innan 1. februar, der ein seier korleis bygget skal sikrast, og eventuelt ein søknad for riving, seier ordførar i Selje, Stein Robert Osdal.

Natt til 25. november i fjor brann Selje Hotel. Flammane spreidde seg fort i vinden, og slukte heile romfløya på hotellet. Seks dagar etterpå vart tre av hotelleigarane arresterte, sikta for forsikringsbedrageri og for å ha tent på hotellet med vilje. Ikkje berre har ein viktig samlingsplass i bygda gått tapt, men med brannruinane nær intakt som frå brannatta er det vanskeleg å gå vidare, fortel naboar.

Nabo til Selje Hotel, Sigbjørn Hjelle, er fortvila over at branntomta står som før.

DEPRIMERANDE: Kvar dag ser nabo Sigbjørn Hjelle ned på restane av Selje Hotel. Han og dei andre i nabolaget likar dårleg at ingenting er gjort på tomta.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det er deprimerande, det er det ikkje tvil om. Det kan ikkje bli ståande slik. Det er uforsvarleg, og ting kan kome fykande. Eg skjønar ikkje at ein ikkje berre kan få det vekk, seier nabo Sigbjørn Hjelle.

Vanskeleg sak

Så enkelt er det likevel ikkje. Med hotelleigarane i varetekt er kommunen i kontakt med fleire partar for å kome i gang med oppryddinga.

– Vi har sendt brev til eigarane via advokatane, så vi må berre presse på. Og i vi er i dialog med forsikringsselskapet og det er vanskeleg å avgjere kven som har ansvaret. Vi har også ei vurdering på kva rolle kommunen skal ha om selskapet ikkje er i stand til det.

Stein Robert Osdal

FORTVILA: – Å få vekk det gamle eternittaket og få bukt med asbestfaren ved hotellet er mest kritisk, seier ordførar Stein Robert Osdal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Er det aktuelt for kommunen å rydde på eigars rekning?

– Ja, det er eit av alternativa. Det må ryddast opp slik at vi ikkje har det stygge såret midt i Selje-bygda, seier Osdal.

Forsikringsselskapet Gjensidige har på si side sagt at dei ikkje planlegg opprydding no.

Utan hotell er bygda også uroa for korleis dei skal møte den komande turistsesongen. På eit folkemøte kom det nyleg fram at fleire ynskjer eit flytande hotell, eller at eit brakkehotell kan vere ei løysing. Om branntomta er rydda til turistane kjem i sommar kan ikkje ordføraren garantere.

– Det er ei tung juridisk sak, som vi må bruke tid på. Eg er pessimistisk med tanke på å få rydda ferdig til sommaren.

Leiaråtferda til viseadministrerande direktør Vidar Vie i Helse Førde kan ha vore til hinder for eit forsvarleg arbeidsmiljø for ein varslar i føretaket. Det gjer at styret må ta grep.
Leiv Thomas Faulkner måtte bli bråvaksen då han som 19-åring fekk beskjeden om at farsarven var brent ned og at alle eigedelane var vekk.