Hopp til innhold

Krev pengar til E39

Eit samrøystes kommunestyre i Gloppen krev at det blir sett av pengar på statsbudsjettet for 2016 til planleggingsmidlar for Byrkjelo-Sandane på E39. I eit brev til transport- og kommunikasjonskomiteen skriv kommunestyret at behovet er stort sidan det er ein særs trafikkert veg med fleire flaskehalsar og mykje tungtrafikk. Venstre har i sitt forslag til statsbudsjett sett av pengar til planleggingsmidlar til prosjektet.