Hopp til innhold

Krev orsaking frå legeforeininga

Vararordførar Anna Jorunn Avdem i Lærdal krev orsaking frå legeforeininga. Bakgrunnen er skuldingar om at ho skal ha stått bak hetskampanje mot Helse Førde.

Anten må legeforeininga dokumentere påstandane, elles å må dei kome med ei orsaking krev Avdem.

- Rune Larsen i legeforeininga har meir enn anyda at eg er aktiv i ein hetskampanje mot Helse Førde og at eg har fått dotter mi til å drive denne hetsen i Dagbladet. Og han seier at eg har planar om å komme inn i styret i Helse Førde og ordne opp med dei som styrer der, seier ho.

Stilte spørsmål om kopling

Det var tysdag at Rune Larsen i legeforeininga stilte spørsmål ved koplinga mellom ein artikkelserie i Dagbladet som var skriven av dotter til Avdem og at Avdem skulle vere kandidat til styret i Helse Førde. Opplysningane om at Avdem skulle vere kandidat til styret kom frå Sogn Regionråd. Sjølv seier at Avdem at ho hadde takka nei til å vere kandidat, og krev no ei orsaking frå legeforeininga.

- Eg veit ikkje kva eg skal seie om orsaking, for eg heldt meg til dei opplysningane som var der. Eg kritiserte ikkje ho, men sa at det var uheldig viss den bindinga var der. No viser det seg at den bindinga ikkje er der, så situasjonen er heilt annleis, seier Rune Larsen i legeforeininga.

- Eg har bedd om å få eit svar frå styret i legeforeininga og det svaret vil eg ha skriftleg, så eg vil ikkje komme med meir kommentar til dette før eg får svaret, seier Anna Avdem.