Hopp til innhold

Krev oppfølging av asylsøkarar

Det bør bli betre oppfølging av asylsøkarar som har site mange år i mottak og som får avslag, meiner Eva Richter, tidlegare leiar for asylmottaket i Jølster.

Eva Richter
Foto: Oddleif Løset / NRK

Ho seier ho i si tid som mottaksleiar opplevde to tilfelle der personar som hadde fått avslag, freista å ta sitt eige liv.

– Det er vanskeleg å snakke om dei, for dette handlar om einskildpersonar som gjorde det dei kunne for å forlate denne verda, både seg sjølv og barna sine, men vi oppdaga det i godt tid og fekk avverga det.

LES OGSÅ: Døydde i brann - gravlagd i dag

LES OGSÅ: Yemane Teferi (54) har blitt flytta rundt på asylmottak i 22 år

– Kvifor gjer unge folk slikt?

På Vassenden i Jølster såg Richter korleis eit avslag på ein opphaldssøknad etter år i mottak kunne få folk til å ty til desperate handlingar. I Jølster klarde dei tilsette på mottaket å avverge to sjølvmord. Ho etterlyser no ei tettare oppfølging av asylsøkarar som får avslag etter kanskje fleire år i mottak.

– Det gjer veldig inntrykk at det ofte er yngre folk som gjer slikt, for kvifor gjer unge folk slikt? Du får perspektiv på sjølve asylpolitikken.

Atle Berge

Regionsjef Atle Berge i UDI.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

For 14 dagar sidan omkom ei ung kvinne og sonen hennar i ein brann i Førde. Politiet meiner ho sjølv starta brannen. Kvinna hadde nyleg fått avslag på asylsøknaden etter fem år i Norge.

– Går nøye gjennom

Atle Berge er regionleiar i UDI og ansvarleg for mottaka på Vestlandet. Han seier han forstår at det er ein del saker på mottaka som er svært vanskelege.

– Saka i Førde er djupt tragisk. Det er normalt etter slike saker at vi går nøye gjennom og evaluerer dei i møte med mottaksleiarane for å sjå om det er noko vi kan bli endå betre på.