Krev omkamp om traséval for E39 - har samla inn 300 underskrifter

Jens Helgheim kjempar på privat initiativ for at fylkestinget skal gjere ei ny handsaming av trasévalet for E39. I løpet av tre dagar har han samla inn omlag 300 underskrifter.

Jens Helgheim

VIL HA OMKAMP: Jens Helgheim

Foto: Privat

Helgheim er opprinneleg frå Førde men er no busett i Stryn. På nettstaden minsak.no samlar han no inn underskrifter: Får han 500 underskrifter hamnar saka på bordet til politikarane.

Klokka 12 torsdag var det kome inn 298 underskrifter.

– Bakgrunnen er at vedtaket der Fylkestinget vedtok å stille seg bak E39 i dagens trase vart gjort med knappast mogleg fleirtal og før alle fakta og utgreiingar var komne på bordet, seier Helgheim til Fjordabladet.

– I tillegg har også Arbeiderpartiet og Høgre sine årsmøte gjort årsmøtevedtak på å gå for E39 i indre Nordfjord. På grunnlag av dette meiner eg at det er grunn til å føre saka for fylkestinget på ny, skriv Helgheim mellom anna på minsak.no.

Fleire skjer i sjøen

Knut Henning Grepstad.

Kommunaljurist Knut Henning Grepstad

Foto: Jostein Nyfløtt / NRK

Ordninga med minsak er i utgangspunktet oppretta for at innbyggarane skal ha ein kanal for å få nye saker opp til politisk handsaming. Kommunaljurist Knut Henning Grepstad vil ikkje meine noko om det har noko hensikt å reise denne saka, men seier det er fleire barrierer på vegen til ei ny politisk handsaming.

– Det eine er å samle inn dei 500 underskriftene som trengst for å få saka opp gjennom ordninga om innbyggarinitiativ. Så er det spørsmålet om korvidt dette er ei sak som gjeld den fylkeskommunale verksemda, seier han til NRK.no.

Grepstad seier det lett kan bli tolka til å vere det som fylkeskommunen har eit sjølvstendig ansvar for å drive med.

– Det å gi ei fråsegn, som fylkeskommunen har gjort i saka om fjordkryssing, er ikkje fylkeskommunal verksemd.

(Artikkelen held fram under kartet)

E39 alternativa gjennom Nordfjord

Alternativa for E39 gjennom Nordfjord

Foto: Statens vegvesen

Den neste barrieren han vil møte er at for å få saka opp som eit innbyggarinitiativ er det ein førsetnad at saka ikkje har vore oppe tidlegare i same valperiode.

– Denne saka har jo vore oppe til avrøysting tidlegare denne valperioden. Den tredje utfordringa er at det er snakk om ei fråsegn der fristen for å gje fråsegn er gått ut for lenge sidan, og saka no er til handsaming i departementet.

– Så ut frå regelverket så er vel ikkje utsiktene så heilt enkle for å få dette handsama på nytt i fylkestinget, seier Grepstad.

Må prøve

– Det vil no vise seg. Det kostar ikkje meg noko å prøve, seier Helgheim, og syner til reglementet til fylkestinget - «§10 Ny førehaving av saker» - der det heiter:

«Når ei sak er avgjort kan ho ikkje takast opp att til ny førehaving i same fylkestingsvalbolken om det ikkje seinare er kome til nye opplysningar eller nye tilhøve som er vesentlege for saka.»

Helgheim meiner det er kome til opplysningar som er vesentlege for saka, og syner til at fylkestinget vedtok å stille seg bak trasévalet, med knappast mogleg margin, og før alle fakta og utgreiingar var komne på bordet.

– I tillegg har årsmøta til både Arbeiderpartiet og Høgre vedtak på å gå for E39 i indre Nordfjord, seier han.

Klarer Helgheim å samle 500 underskrifter innan fristen hamnar saka hjå fylkespolitikarane, som då må avgjerde om den skal avvisast eller handsamast vidare.

– Det som er litt uklart er kva som skjer om saka syner seg å vere obenbart utanfor for det som er omfatta av ordninga, seier Grepstad.

– Du meiner om saka då kan avvisast utan politisk handsaming?

– Det må då vurderast nøyare i den konkrete saka, opplyser Grepstad.