NRK Meny
Normal

Krev offentleg høyring

- Det må bli ei offentleg høyring om Tall Ships Races-skandalen.

Det krev Geir Oldeide i partiet Raudt.

Geir Oldeide
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Seglskutefesten gjekk med 15 millionar kroner i underskot, og i går la Kommunerevisjonen i Nordfjord fram ein rapport som kritiserte både organiseringa og gjennomføringa av Tall Ships Races-arrangementet.

- Må svare for seg

Oldeide meiner både ordførar, rådmann og prosjektleiar må svare på spørsmål frå kommunestyret.

Tall ships-leiar Helge Hjelle

Tall Ships sjef, Helge Hjelle

Foto: Øystein Torheim / NRK

- Helge Hjelle har nekta å uttale seg som prosjektleiar til media. Det kan vere forståeleg, seier Oldeide. - Ingen kan tvinge han som prosjektleiar til å uttale seg til media, men han skal og må uttale seg til kommunestyret i ei slik utspørring.

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentarar frå Hjelle om saka.

Knusande rapport frå kommunerevisjonen

Revisjonen meiner arrangementet fekk ei uheldig organisering heilt frå starten av, og at måten overskridingane vart budsjetterte på gjorde at kommunestyret ikkje fekk god nok innsyn i kva som skjedde. Dette gjorde at utgiftsauken i prosjektet, først frå 11 til 20 millionar, og seinare frå 20 til 30 millionar, ikkje vart forankra i det politiske miljøet. I rapporten skin det klart igjennnom at rådmannen burde hatt betre økonomisk kontroll. .

Høyring etter mal frå Stortinget

Oldeide meiner ei offentleg høyring må til for å finne ut korleis 16 millionar kroner er sølt bort. - Vi må på ein eller anna måte få til ei høyring i kommunestyret.

Oldeide ser for seg noko liknade som det som foregår i Stortinget når der er slike høyringar. - Der må dei ansvarlege sitte nærast på tiltalebenken og bli spurt ut av resten av kommunestyret .

- Mange har lister med spørsmål klare

- Eg veit at mange kommunestyrerepresentantat har laga lister med spørsmål som dei gjerne vil ha svar på . Dei berre ventar på eit høvet til å få stille dei, sier Oldeide.

Ordførar Roger B. Silden ønskjer ikkje å kommentere kravet frå Oldeide.